Eren Derdiyok

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Eren Derdiyok
080603 Derdiyok.jpg
Fullt namn Eren Derdiyok
Fødd 12. juni 1988
Basel i Sveits
Høgd 191 cm
Posisjon Spiss
Klubbinformasjon
Spelar for Bayer Leverkusen
Draktnummer 19
Ungdomsklubb
1994-2004 Sveits BSC Old Boys
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
2005-06
2006-09
2009-
Sveits BSC Old Boys
Sveits Basel
Tyskland Bayer Leverkusen
18 (12)
64 (20)
20 (12)
Landslag**
2007-
2008-
Sveits Sveits U21
Sveits Sveits
6 (8)
18 (2)

Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
sist oppdatert 7. februar 2010.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 28. januar 2010.

Eren Derdiyok (fødd 12. juni 1988 i Basel) er ein sveitsisk fotballspelar, som spelar som spiss for Bayer Leverkusen i tysk Bundesliga, og for det sveitsiske landslaget. Foreldra hans er kurdarar frå Tyrkia.

Derdiyok var med på å vinna den sveitsiske ligaen med Basel i 2008, og spelte for Basel i Meisterligaen i 2008/09-sesongen, der han mellom anna skåra mot Barcelona på bortebane. 28. mai 2009 skreiv han under på ein fireårskontrakt med den tyske toppklubben Bayer Leverkusen.

Derdiyok debuterte for det sveitsiske A-landslaget 6. februar 2008 borte mot England, og skåra i den første kampen sin. Han var med i Sveits sin tropp til fotball-EM i 2008, der han var den yngste spelaren i turneringa, 19 år gammal.