Gelson Fernandes
|
| |||
| Personleg informasjon | |||
|---|---|---|---|
| Fullt namn | Gelson Tavares Fernandes | ||
| Fødd | 2. september 1986 | ||
| Fødestad | Praia | ||
| Høgd | 183 cm | ||
| Posisjon | Midtbanespelar | ||
| Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Leicester (utlån) | ||
| Nummer | 26 | ||
| Ungdomsklubbar | |||
| 1995-2004 |
| ||
| Seniorkarriere* | |||
| År | Lag | Kampar (Mål) | |
| 2004-2007 2007-2009 2009- 2010-2011 2011- |
|
99 (1) 43 (3) 33 (0) 29 (2) 4 (1) | |
| Landslag | |||
| 2001-04 2008- |
|
4 (0) 33 (2) | |
|
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 31. august 2011 ‡ Landslagsmål oppdatert 31. august 2011 | |||
Gelson Tavares Fernandes (fødd 2. september 1986) er ein sveitsisk fotballspelar som hausten 2011 var på utlån til engelske Leicester City frå franske AS Saint-Étienne. Gelson Fernandes er syskenbarnet til den portugisiske fotballspelaren Manuel Fernandes.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Som femåring flytte Fernandes saman med mor si frå Kapp Verde-øyane til Sitten i Sveits, der faren hadde fått arbeid. I 1995 tok han til å spela fotball på juniorlaget til FC Sion. I 2004 gjekk han over på fyrstelaget deira, og spelte 99 kampar for Sion før han signerte kontrakt med engelske Manchester City. Han blei i City i to sesongar før han skreiv under på ein toårskontrakt med franske AS Saint Étienne i 2009. Den 30. august 2010 vart det kunngjort at Fernandes vart lånt bort til Chievo Verona. Lånet kan omgjerast til kjøp.
På landslagsnivå spelte Fernandes 4 kampar for det sveitsiske U21-landslaget, og var kaptein i ein kamp. I 2007 gjekk han over i fyrstelandslaget, og har til no spelt 27 kampar for dei. Han vart teken ut til den sveitsiske troppen i Fotball-VM 2010 i Sør-Afrika, og skåra det einaste målet mot Spania. Kampen enda 1-0 til Sveits, til stor glede for sveitsarane. Diverre vart dette også det einaste målet Sveits skåra i meisterskapen. Dei vart slått ut i gruppespelet, medan Spania gjekk vidare til å vinna finalen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Tysk og engelsk wikipedia om Fernandes.