Erik Egeberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Erik Egeberg
Fødd23. januar 1941
Oslo
NasjonalitetNoreg
Yrkeomsetjar, professor
InstitusjonarUniversitetet i Tromsø
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Erik Egeberg (fødd 23. januar 1941 Oslo) er professor i russisk litteratur ved Universitetet i Tromsø, forfattar og omsetjar hovudsakleg innan russisk litteratur.

Egeberg vart cand. philol. i 1968 og dr. philos. i 1976 på ei avhandling om lyrikaren Afanasij Fet. Erik Egeberg er òg kjend for sitt bidrag til samlinga Norsk litteratur om de slaviske og baltiske folks kultur for Universitetet i Oslo i perioden 1972 til 2000. Han er medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi og av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab.

I 1994 fekk han Det Norske Akademis Pris til minne om Thorleif Dahl.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Eigne verk[endre | endre wikiteksten]

  • Mennesker og temaer i sovjetlitteraturen, Universitetsforlaget 1979 - ei artikkelsamling saman med Sigurd Fasting og Geir Kjetsaa.
  • Russiske punktlys, Solum (1981).
  • Streiftog i Dostojevskijs verden, Solum (1982)
  • Dostojevskij : en dikter søker sin form, Vidarforlaget (1995).
  • Russisk tro og tanke, Solum (1997).
  • Brobyggere: oversettelser til norsk fra middelalderen til i dag, Aschehoug (1998) - saman med Magnus Rindal og Tone Formo.
  • Russiske stemmer: tolv forfattere gjennom tre århundrer, Solum (2007)

Omsetjingar[endre | endre wikiteksten]

Hans mest kjende omsetjingar (omsetjingsår i parantes):

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]