Erik Münster

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Erik Münster
Erik Munster.jpg
Fødd 21. april 1930
København
Yrke lege, skribent

Erik Münster (fødd 21. april 1930) i København) er ein dansk lege og forfattar av bøker og legespalter i aviser og vekeblad. Dr. Erik Münster har gjennom sine faste spalter i fleire år gitt vanlege menneske over heile Skandinavia høve til å få forståelege og oppmuntrande svar på kompliserte, medisinske spørsmål.

Münster er utdanna lege frå Københavns universitet i 1958. Han spesialiserte seg i øyre-, nase- og halssjukdomar og vart i 1969 spesiallege. I åra 1958 til 1975 arbeidde han som sjukehuslege. Frå 1975 og fram til 1996 hadde han sin eigen spesialpraksis i øyre-, nase-, halssjukdomar i den danske hovudstaden.

Ved sida av arbeidet som lege, har Münster sidan 1950-åra hatt ei omfattande verksemd som skribent og brevkasseredaktør ved ei rekkje danske og utanlandske dagsaviser og vekeblad. Münster er i Danmark mest kjent for spalta si om sex og samliv i Ekstra Bladet og for brevkassa i vekebladet Familie Journal. I Noreg har artiklane til doktor Münsters vore publiserte i vekebladet Allers og dagsavisene Telemarksavisa og Bergensavisen.

I 1992 mottok doktor Münster Ekstra Bladets høgste heider for sitt journalistiske virke, Victor-prisen.

Erik Münster gifte seg i 1961 med sjukepleiar Elly Münster. Saman har dei borna Charlotte og Henrik. Sonen Henrik har følgd i fotspora til faren sin og arbeider som lege. Saman med kona Anna-Marie, som også er lege, skreiv dei ei tid legespalte i vekebladet Ude og Hjemme.

Doktor Münster har ein fanklubb i Bergen som heiter Doktor Münsters medisinske samfunn, avdeling Bergen.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bøker skrivne av Erik Münster. Fleire av bøkene er omsett til andre språk som norsk, svensk og islandsk.

  • I fin form ved rattet (1960)
  • Tjen Penge ved fotografering (1961)
  • Lær at leve med Deres sygdom (1964)
  • Menneskelegemet, Naturens mesterværk (1966)
  • Narkotika, Sandheden om de euforiserende stoffer (1967)
  • Napoleon - mennesket, elskeren og patienten (1969)
  • Kønssygdomme (1970)
  • Sygdomme i øre, næse, mund og hals (1970)
  • Lægebrevkassen (1970)
  • Underlivssygdomme hos kvinder (1970)
  • Det Bedstes store lægebog (1973)
  • Er det noe i veien med magen? (1973)
  • Mine kære patienter (1978)
  • Amerikanske præsidenter (1984)
  • Kronede hoveder (1984)
  • Peter Asschenfeldts lægeleksikon i 10 bind (1986-1988)
  • Mavesygdomme (1987)
  • Prostata, undgå kniven (1995)
  • Seksualitet og samliv - en gennemgang af seksualitetens glæder og problemer (1997)

I tillegg har Erik Münster vore redaktør og medforfattar i andre publikasjonar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]