Erik O. Tokle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Erik O. Tokle
Fødd 29. november 1843
Yrke politikar

Erik Olsson Tokle (fødd 29. november 1843) var ein norsk lærar, bankmann og stortingsmann frå Hen i Romsdal.

Tokle var son til ein gardbrukar i Hen. Åra 1862-64 var han fiskar og sjømann i kystfart. Deretter gjekk han lærarskule i Nesset og vart dimittert i 1866. Same året vart han tilsett som lærar i heimbygda, ein post han hadde til 1903. Samstundes var han gardbrukar på Tokle frå 1867 til -92.

Tokle var medlem av heradsstyret i Grytten 1872-1904 og ordførar 1885-1904. Han var forlikskommissær for åstadssaker 1884-86, og for ordinære saker 1886-1902. Han var formann i sparebanken og hadde fleire andre verv på både kommunalt nivå og på amtsnivå.

I 1901 vart han medlem av styret i Noregs bank si avdeling i Ålesund, der han seinare vart styrar for avdelinga. Han flytta då til Borgund, grannekommunen til Ålesund.

Tokle representerte Romsdals amtStortinget frå 1898 til 1906. Alle tre valperiodane var han medlem av Lagtinget og av jarnbanekomiteen. Han var sekretær i komiteen 1900-03 og mellombels formann i 1903-04. Dessutan var han med i arbeidsløysekomiteen i 1904 og på ny i 1905-06-sesjonen.

Erik O. Tokle vart tildelt borgardådsmedaljen i sølv.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914