Erling Fløtten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Erling Fløtten
Fødd20. november 1937
Kirkenes
Død28. oktober 2010 (72 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, lektor
Alle verv
  • fylkesordførar i Finnmark (1988–1995) Sjå dette på Wikidata

Erling Fløtten (20. november 193728. oktober 2010) var ein norsk politikar for Arbeidarpartiet.

Erling Fløtten vart fødd i Kirkenes. Han var fylkesordførar i Finnmark mellom 1987 og 1995. Deretter var han regionaldirektør for NHO si Finnmarksavdeling, til han gjekk av med pensjon i 2007. Som fylkesordførar skreiv han under på den første samarbeidsavtalen mellom Finnmark og Murmansk Oblast i 1988.[1]

I 2009 melde Fløtten seg ut av Arbeidarpartiet, etter at han ikkje vart attvald i styret for Finnmarkseiendommen (FeFo).[2]

Fløtten var også sjakkspelar i Vadsø Sjakklubb, og var president i Norges Sjakkforbund 1997-1998. I den tredje runda i Verdsmeisterskapen i sjakk for seniorar i 2010 i Arco i Italia, fall Fløtten om ved sjakkbordet, og trass i at lege kom raskt til, stod livet ikkje til å redde.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lieungh, Erik (29. oktober 2010). «Erling Fløtten er død». NRK. Henta 30. oktober 2010. 
  2. Jordal, Ingerid (26. mars 2009). «Aldri mer politikk». Finnmarken. Henta 30. oktober 2010. 
  3. Valaker, Ole (30. oktober 2010). «Nordmann døde under sjakk-VM». Nettavisen. Arkivert frå originalen 1. november 2010. Henta 30. oktober 2010.