Erling Rønneberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Erling Rønneberg
Fødd 9. september 1923
Ålesund
Død

8. juli 2008
Ski

Yrke politikar

Erling Rønneberg (fødd 9. september 1923 i Ålesund, daud 8. juli 2008 i Ski) var ein norsk motstandsmann og Secret Intelligence Service under andre verdskrigen. Han var lokalpolitikar for Arbeidarpartiet og vart rådmann i Ski kommune. Av utdannelse var han lektor. Han kom til Ski kommune i 1950 som lektorSørmarka folkehøgskule, der han seinere òg vart rektor. Han var ordførar i Ski kommune frå 1958 til 1963.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Farfar var Joachim Holmboe Rønneberg. Broren Joachim Rønneberg var medlem i kompani Linge.

Etter krigen[endre | endre wikiteksten]

I 1949 tok Rønneberg eksamen i økonomi frå Cambridge. Frå 1964 vart han den første rådmannen i Ski kommune. Denne stillinga hadde han i 27 år og la i denne perioden fram i alt 21 179 sakar til politisk handsaming i formannskap og kommunestyre. Dette var ein ekspansiv periode for Ski kommune, og innbyggjartalet vart fordobla.

Som pensjonist brukte Rønneberg mykje tid på lokalhistorisk arbeid, og han formidla opplevingar frå andre verdskrigen, der han deltok aktivt i motstandskampen, til ungdom i kommunen. For dette arbeidet fekk han kulturprisen til Ski kommune i 1999.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

For innsatsen sin under andre verdskrigeb vart Rønneberg tildelt St. Olavsmedaljen med eikegrein og den britiske King's Medal for Courage in the Cause of Freedom.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Erling Rønneberg», Aftenposten, 9. september 1983, s. 9.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Georg Stub: Nekrolog i Aftenposten kultur 17. juli 2008 side 13

Litteratur[endre | endre wikiteksten]