Erling Rønneberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Erling Rønneberg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. september 1923
Ålesund kommune
Død

8. juli 2008 (84 år)
Ski kommune

Yrke politikar
Politisk parti Arbeidarpartiet

Erling Rønneberg (fødd 9. september 1923 i Ålesund, daud 8. juli 2008 i Ski) var ein norsk motstandsmann og Secret Intelligence Service under andre verdskrigen.

Av utdanning var han lektor. Han var lokalpolitikar for Arbeidarpartiet og vart rådmann i Ski kommune. Han var ordførar i Ski kommune frå 1958 til 1963.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Farfar var Joachim Holmboe Rønneberg. Broren Joachim Rønneberg var medlem i kompani Linge.

Under andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

I Ålesund var han, i første del av krigen, med på å gi ut illegale aviser. Hausten 1943 var han i Oslo for å starte eit illegalt studentblad, Vi studerer. Der i frå måtte han røme. Han kom seg til Sverige via Ålesund og Korgen i Nordland. Frå Sverige vart han henta til Storbritannia. Der fekk han opplæring som radiotelegrafist i Secret Intelligence Service. Frå september 1944 til februar 1945 opererte han SIS radiostasjonen Haga, på Torholmen nord for Ålesund. Erling Rønneberg fekk i oppdrag, saman med Karsten Devold, å etablerere ein ny sendar, ved Rjåneset i Ørsta Der hadde dei oversikt over skipsleia i Vartdalsfjorden, og andre fjordar på Søre Sunnmøre. 14. april 1945 var radiostasjonen Turid i drift. Men alt 20. april vart stasjonen teken. Rønneberg fekk store skotskadar. Han vart halden fanga på sjukehuset i Ålesund til krigen var slutt.[1]

Etter krigen[endre | endre wikiteksten]

I 1949 tok Rønneberg eksamen i økonomi frå Cambridge. Han kom til Ski kommune i 1950 som lektor på Sørmarka folkehøgskule, der han seinere òg vart rektor.

Frå 1964 vart han den første rådmannen i Ski kommune. Denne stillinga hadde han i 27 år og la i denne perioden fram i alt 21 179 sakar til politisk handsaming i formannskap og kommunestyre. Dette var ein ekspansiv periode for Ski kommune, og innbyggjartalet vart fordobla.

Han var ordførar i Ski kommune frå 1958 til 1963.

Som pensjonist brukte Rønneberg mykje tid på lokalhistorisk arbeid, og han formidla opplevingar frå andre verdskrigen, der han deltok aktivt i motstandskampen, til ungdom i kommunen. For dette arbeidet fekk han kulturprisen til Ski kommune i 1999.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

For innsatsen sin under andre verdskrigeb vart Rønneberg tildelt St. Olavsmedaljen med eikegrein og den britiske King's Medal for Courage in the Cause of Freedom.[2]

Erling Rønneberg fekk Ski kommune sin kulturpris i 1999.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. En spion kom inn fra havet. Stiftelsen norsk Okkupasjonshistorie. 2014
  2. «Erling Rønneberg», Aftenposten, 9. september 1983, s. 9.
  • Georg Stub: Nekrolog i Aftenposten kultur 17. juli 2008 side 13

Litteratur[endre | endre wikiteksten]