Erosbreen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Erosbreen
isbre
Land  Antarktis
Stad Aleksanderøya
 - koordinatar 71°18′S 68°20′W / 71.300°S 68.333°W / -71.300; -68.333
Lengd 13 km
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Erosbreen
71°18′00″S 68°20′00″W / 71.3°S 68.3333°W / -71.3; -68.3333
Erosbreen is located in Antarktis
Erosbreen (Antarktis)

Erosbreen er ein isbre på austkysten av Aleksanderøya i Antarktis, 13 km lang og 3,5 km brei ved munningen, som flyt søraust frå Planet Heights og ut i George VI Sound like nord for Fossil Bluff. Han vart truleg først sett den 23. november 1935 av Lincoln Ellsworth, som flydde rett over breen og tok bilete nord og sør for han. Munningen av isbreen vart observert og plassert på kartet av British Graham Land Expedition i 1936 og Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i 1948 og 1949. Isbreen vart kartlagt i detalj frå flyfoto tekne under Ronne antarktiske forskingsekspedisjon i 1947–48, av D. Searle frå FIDS i 1960. Han vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee etter dvergplaneten Eros i samband med nærliggande Plutobreen og Uranusbreen.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Eros Glacier». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 6. januar 2013. 

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Erosbreen» (innhald frå Geographic Names Information System).