Erythrin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Erythrin frå Marokko.

Erythrin, òg kalla koboltblomst, er eit vent raudfarga mineral som blir danna ved forvitring av mellom anna koboltitt. Det er eit vasshaldig koboltarsenat med formel Co3(AsO4)2·8H2O, som krystalliserer monoklint og tilhøyrer vivianittgruppa.

I Noreg er det særleg kjent frå koboltførekomstar på Modum i Buskerud. Den analoge nikkelsambindinga, annabergitt (nikkelblomst), er grå- til grønfarga og er i Noreg påvist frå Råna i Ballangen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Erythrin». Store norske leksikon. 14. februar 2009. Henta 14. februar 2014.