Koboltitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koboltitt
Koboltglans.jpg
Koboltitt frå Sverige
Generelt
KategoriSulfidmineral
Kjemisk formelCoAsS
Strunz-klassifisering02.EB.25
KrystallsymmetriOrtorombisk mm2
Einingscellea = 5,582 Å, b = 5,582 Å, c = 5,582 Å; Z = 4
Identifikasjon
Fargeraudaktig sølvkvit, fiolett stålgrå til svart
Krystallformkorna til massive, sjeldan som stripete krystallar
KrystallsystemOrtorombisk, delvis kubisk.
TvillingKring [111] skaparp delvis kubiske former og striper
Kløyvperfekt på {001}
BrotUjamn
FastleikSprø
Mohs hardleiksskala5,5
GlansMetallisk
Strekfargegråaktig-svart
TransparensUgjennomsiktig
Tettleik6,33 g/cm³
Kjelder[1][2]

Koboltitt, kobaltin eller koboltglans, eit sølvkvitt, metallisk mineral med raudleg skjer, består av kobolt, arsen og svovel (CoAsS), med 35,5 % kobolt. Det krystalliserer rombisk (pseudokubisk) og er strukturelt nærskyldt med pyritt . Mineralet er ein viktig koboltmalm. Finst saman med andre koboltmineral på Modum, der det tidlegare var ei betydeleg gruvedrift (sjå Modum Blaafarveværk). Gersdorffitt (NiAsS) er den tilsvarande nikkelsambindinga.

Det funne hovudsakleg i Sverige, Noreg, Tyskland, Cornwall, Canada, Australia, Den demokratiske republikken Kongo og Marokko.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Koboltitt