Råna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Råna
fjell
Råna3.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Område Sykkylven og Ørsta (Møre og Romsdal)
Fjellkjede Sunnmørsalpane
Høgd 1 586 moh.
Primærfaktor 776 m
Koordinatar 62°16′31.28″N 6°34′21.29″EKoordinatar: 62°16′31.28″N 6°34′21.29″E
Wikimedia Commons: Sunnmørsalpene

Råna er eit fjell på Sunnmøre, i Sykkylven og Ørsta kommunar. Råna er høgste fjelltoppen i Sykkylven. Aust for fjellet ligg Regndalsbreen.

Toppen er greiast å nå frå vest, antan frå bygda Urke (gjennom fjelldalen Urkedalen og Kopen, vidare over ei tidvis kvass egg inn på det langstrakte topp-platået), eller frå Indre-Trandal (gjennom Indre-Trandaldalen og opp på topp-platået). Fyrste kjende bestigning fann stad 3. august 1897. De to britane Gerald Arbuthnot og Edwin C. Oppenheim og sogningen Johannes Vigdal føretok turen. Fjellet vert rekna med til Sunnmørsalpane.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]