Esher

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Esher

Esher, Fountain on The Green - geograph.org.uk - 106982.jpg
Plassering
Esher is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Surrey
Distrikt Elmbridge
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2007)

8 387
Koordinatar 51°22′″N 0°22′″WKoordinatar: 51°22′″N 0°22′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer KT10
Telefon-retningsnummer 01372
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Esher

Esher er ein by i Surrey i distriktet Elmbridge i søraustlege England i nærleiken elva Mole. Det er eit forstadsområde omtrent 23 km sørvest for Charing Cross.

Byen voks etter at han vart stoppestad for skyssvogntrafikken på vegen mellom London og Portsmouth som seinare vart omdanna til ein A3-motorveg på midten av 1970-talet. På 1500-talet hadde kong Henrik VIII av England området som eit kongeleg jaktområde og det gjorde byen velståande. Clive av India bygde herskapsbustaden Claremont, og denne vart seinare ein kongeleg bustad som vart brukt av dronning Victoria av Storbritannia. Prins Leopold av Sachsen-Coburg levde her inntil han vart konge av Belgia. Dronning Victoria lånte ut huset til den franske eksilkongen Ludvig Filip av Frankrike og hustrua hans, Marie-Amelie, etter den franske revolusjonen av 1848.

George Harrison frå The Beatles hadde hus her som han kalla for «Kinfauns» i løpet av 1960-talet. Dei andre Beatles-medlemmane var ofte på besøk i heimane til Harrison og dei primitive heimestudioa hans.

Sandown Park-racerbane ligg i byen i nærleiken av stasjonen (Waterloo vigde Weybridge). Byen er i dag primært ein soveby for pendlarar som arbeider i London.

Den engelske komikargruppa Monty Python har fleire referansar til byen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]