Eskil Ervik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eskil Ervik
Eskil ervik 2006.jpg
Fødd 11. januar 1975
Trondheim
Yrke skøyteløpar
Eskil Ervik på Commons

Eskil Ervik (fødd 11. januar 1975 i Trondheim) er ein norsk skøyteløpar. Han representerer Hamar Idrettslag.

Dei fremste meisterskapsplasseringane hans er bronse i allround-VMHamar i 1999, og sølv i EM på same banen i 2000.

Under landslagstrener Peter Mueller si leiing ser Ervik ut til å ha fått ein ny vår som skøyteløpar - 15. oktober 2005 sette han ny utandørs verdsrekord på 3000 meter med tida 3.44,90 i Inzell, mens han 13. november sette ny verdsrekord på 5000 meter med 6.12,19 i Calgary. Rekorden vart likevel slått av Chad Hedrick i paret etter. Ervik var i dette løpet den første i verda som gjennomførte ein 5000 m med alle rundetidene under 30.0.

I EM på Hamar i 2006 vart Ervik igjen nr. 2 - etter italienaren Enrico Fabris.

På 2000-talet har Ervik vore den leiande allroundløparen i Noreg. Han tok 5 NM-titlar på rad mellom 2000 og 2004, og vart på nytt meister i 2006. Han har òg eitt noregsmeisterskap på 1500 m og eitt på 5000 m.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]