Peter Mueller

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Peter Mueller
Peter Mueller 2009.jpg
Fødd 27. juli 1954
Madison
Peter Mueller på Commons

Peter Alan Mueller (fødd 27. juli 1954) er ein USA-amerikansk skeiseløpar og -trenar frå Madison i Wisconsin. Han vart olympisk meister på 1000 meter i 1976, og var 2003-09 trenar for det norske skeiselandslaget.

Skeiseløpar[endre | endre wikiteksten]

Mueller markerte seg med ein sjetteplass i sprint-VM 1974. To år seinare var han heilt suveren då han vann den olympiske gullmedaljen på 1000 meter under Vinter-OL 1976 i Innsbruck, vinnartida 1.19,32 var over sekundet betre enn det andremann presterte. Ved sprint-VM 1976 i Vest-Berlin kom han på tredjeplass, slått av verdsmeister Johan Granath og sin eigen landsmann, Dan Immerfall. Året etter var det ein annan landsmann, Eric Heiden, som gjekk til topps i sprint-VM i Alkmaar, med nettopp Mueller på ein soleklar andreplass.

I 1979 enda Mueller som fjerdemann i verdsmeisterskapen i sprint, og i OL-året 1980 vart han nummer sju. Under Vinter-OL 1980 på heimebane i Lake Placid skreid han inn til femteplass på 1000 meter. Han la vekk konkurranseskeisen ved sesongslutt.

Skeisetrenar[endre | endre wikiteksten]

Mueller var på frå 1980-åra trenar for løparar som Bonnie Blair, Dan Jansen og seinare nederlendarane Marianne Timmer og Gianni Romme. Frå 2003 var han norsk landslagstrenar til han hausten 2009 vart oppsagd, skulda for å ha vore nærgåande mot skeiseløparen Maren Haugli.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]