Eskimogås

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eskimogås
Eskimogås under vinteropphald i New Mexico Foto: JerryFriedman
Eskimogås under vinteropphald i New Mexico
Foto: JerryFriedman
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Eskimogås
Utbreiinga av Eskimogås
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Andefuglar Anseriformes
Familie: Andefamilien Anatidae
Underfamilie: Anserinae
Stamme: Gås Anserini
Slekt: Anser
Art: Eskimogås A. rossii
Vitskapleg namn
Anser rossii

Eskimogås (Anser rossii) er ein nordamerikansk gåseart. Tidlegare gjorde denne arten saman med snøgås (C. caerulescens) og keisargås (C. canagica) ut for den biologiske slekta Chen. Mange autoritetar anerkjente ikkje Chen og desse tre artane blei i staden sett inn i slekta Anser. Dette er den minste av dei arktiske gjæsene.

Eskimogåsa er ein ekstremt sjeldan gjest i Vest-Europa. Men det er òg mogleg at mange av observasjonane utanfor Amerika er av parkfuglar som har flykta.[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Eskimogjæser i Oregon
Foto: Tupper Ansel Blake
Døme på ei trekkrute for eskimogjæser (Frå USGS)
Eskimogåsegg

Eskimogås har ei kroppslengd på 53-66 centimeter, omtrent på storleik med ei ringgås (Branta bernicla), og ho veg vanlegvis mellom 1,2 og 1,8 kilogram. Hoene er vanlegvis litt mindre og litt lysare enn hannane. Utsjånaden minner om snøgås, men eskimogjæser er mykje mindre og har kortare nebb enn snøgås. Den ganske lubne kroppen er dekt med ei kvit fjørdrakt; einaste unntaket er dei svarte vengfjørene. Halsen på snøgåsa er relativt kort; det rosa nebbet er òg kort, med eit lite blåaktig framspring over nebbrota, mindre tydeleg hos hofuglane. Augefarga er mørkebrun. Beina er farga i djup rosa, slåande er òg den oppståande baktåa som er godt synleg.

Til likskap med snøgås har denne arten ein svært sjeldan blå morf.[1]

Utbreiing og habitat[endre | endre wikiteksten]

Eskimogjæser er trekkfuglar som vekslar mellom sine nordlege hekkeområde og overvintrar lengre sør i takt med årstidene. Hekkeområda i hovudsakleg nordvestre Canada, særleg i området rundt Perryelva. Overvintringsområdet er oppdelt og inkluderer California, særleg Sacramento-dalen, Gulfkysten av USA (Texas og Louisiana, myrene i Mississippi-deltaet) og litt inn i høglandet i Mexico. Streiffuglar kan treffast i store område av Nord-Amerika og jamvel i Europa inkludert Noreg.

Habitatet i hekkeområdet blir kjenneteikna av korte somrar og hardt klima, vegetasjonen kan vere avgrensa til tundragras og urter, mosar og lav, lågtveksande bjørk og dvergvier. Gjæsene held seg hovudsakleg på eller ved småøyar som ligg i større innsjøar slik at dei får vern mot rovdyr. Vidder, myrar og landbruksareal pregar det føretrekte habitatet om vinteren.

Kosthald og levevis[endre | endre wikiteksten]

Eskimogjæser er vegetarianarar og lever av røter, av skot og frø frå arktiske grasartar, og urter og grøne delane av vassplanter som til dømes storr, Carex. Under vinteropphaldet er òg grasfrø og småbiter av røter viktige delar av kosthaldet, i tillegg beitar dei på dyrka mark.

Dette svært sosiale fuglar som vanlegvis lever i store flokkar, og er først og fremst dagaktive. Naturlege fiendar, særleg for ungar, er måsar og fjellrevar.

Formering[endre | endre wikiteksten]

Framkomsten til hekkeområda kan skje dei siste vekene av mai og den første veka i juni, då det framleis kan vere snø og isdekke i områda. Når snøen har smelta, byrjar hoa å byggje reir; hannfuglar deltek ikkje. Avhengig av dei klimatiske tilhøva legg hoa egga i perioden mellom byrjinga og slutten av juni. Kullet er vanlegvis på fire eller fem rosa til kremkvite egg. Berre hoa rugar og rugetida er rundt tre veker. Alle egga i reiret blir klekte samstundes og ungane blir flygedyktige etter 40 - 45 dagar, mot midten til slutten av august. Dei er kjønnsmodne frå det andre, nokon gonger det tredje året.

Eskimogås kan hybridisere med snøgås og kvitkinngås.[1]

Trugsmål og vern[endre | endre wikiteksten]

Eskimogåsa blir ikkje rekna som truga. Opphavleg var ho ein meir uvanleg art, men populasjonen har auka monaleg dei siste 40 åra.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 Carboneras, C. & Kirwan, G.M. (2016). Ross's Goose (Chen rossii) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 4. juni 2016
  2. BirdLife International (2016) Species factsheet: Chen rossii. Henta frå http://www.birdlife.org den 4. juni 2016

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Eskimogås