Gås

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Stripegås (Anser indicus)
Foto: Richard Bartz
Kvite gjæser.
Foto: Serena
Gjæser som flyg i v-formasjon.
Goose behavior

Gås (fleirtal gjæser, hanngås ein gasse.[1]) er det norske namnet for eit stort tal av fuglar i den biologiske familien Anatidae. Denne familien inkluderer òg svaner, som for det meste er større enn gjæser, og ender, som er mindre.

Gjæser er monogame og lever i par gjennom heile året, men i motsetnad til dei fleste andre monogame dyr er dei territoriale berre i hekketida. Gjæser med make er meir dominante og tar meir føde enn andre, det medverkar til større ungeproduksjon.

Verkelege gjæser[endre | endre wikiteksten]

Dette er dei biologiske slektene som er rekna som gjæser:

Dei følgjande er rekna som gjæser av somme biologar, eller dei kan vere gravender eller forme ein distinkt underfamilie for seg sjølve:

  • Cereopsis - hønsegås
  • Cnemiornis - New Zealand gås, utdøydd

Den gåseliknande coscorobasvana kan vere den næraste slektningen til verkelege gjæser.

Andre fuglar kalla «gjæser»[endre | endre wikiteksten]

Det finst andre fugleartar, mest på den sørlege halvkula som vert kalla «gjæser», dei fleste av desse er gravender i underfamilien Tadorninæ. Eit døme er amazongås, Neochen jubata, eit anna er niland Alopochen aegyptiaca som på engelsk har namnet 'Egyptian Goose'. Andre artar som er kalla «gjæser» er:

  • Sporegås, Plectropterus gambensis, er nærast i slekt med gravender, men finst i sin eigen underfamilie Plectropterinæ.
  • Den sjeldne skjorgåsa er i sin eigen familie Anseranatidae.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Kanadagåsunge.
Foto: Tage Olsin
«Gåsungar» på piletre.

Ordet «gås» er mellom dei eldste indoeuropeiske orda, og orda på mange ulike språk er avleidd frå det protoindoeuropeiske *ghans-, som tysk Gans, persisk ghaz, gresk khen, latinsk anser, sanskrit hamsa og slovakisk hus.[2] Ordet blir bøygd med omlyd og noko uregelrett i fleirtal på germanske språk, som gås/gjæser på norsk, gås/gäss på svensk, Gans/Gänse på tysk og goose/geese på engelsk (gōs/gēs på gammalengelsk). Ofte er hogåsa kjend som «gås», medan hanngåsa kan ha eigne namn, på norsk «gåsestegg» eller «gasse», på engelsk «gander».

Tilvisingar til gjæser finst i fleire faste uttrykk, som «gåsegang» om å gå på rekke etter kvarandre som gjæser, «gåselabbar» eller «gåsungar» om dei lodne kummane på vier- og seljetre, og «gåsehud», om å få nuppete hud som ein ribba fugl.

Familienamn som Hus, kjend frå den tsjekkiske reformatoren Jan Hus, er avleidde frå «gås».

Gjæser i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Gjæser har vore haldne som matfugl sidan det gamle Egypt og oldtida i India og Kina, og ein har også jakta på villgås gjennom tidene. Gås var særs utbreidd i Europa gjennom mellomalderen, og er tradisjonelt forbunde med feiringar som mortensmesse og jul. I tillegg til gåsekjøt og -egg brukte ein fjørene til fjørpennar og dunet til dyner. I moderne tid er gås blitt mindre vanleg som matfugl, noko som kan ha samanheng med at fuglen inneheld mykje feitt som kan gje ein uønska smak, men og at han er mindre produktiv og krev behandling som gjer han dårleg eigna for eit mekanisert jordbruk.

Svært mange stader er gåsa rekna som dum, og å kalla nokon ei gås kan vera fornærmande. Fuglen vert gjerne sett opp mot svana der han er rekna som klossete og mindre flott. På engelsk finst uttrykket «all his geese are swans» ('alle gjæsene hans er svaner') om nokon som ser sine eigne gjerningar som meir verdt enn dei er. Ein finn gjæser i eventyr, der dei kan vera ein kjelde til rikdom, som «Gåsa som la gullegg», eller morskap, som i «Tyrihans». Hovudpersonar som er gåsepassarar er langt nede på rangstigen, og kan venta å gifta seg med nokon som er høgt oppe, som i «Åse Gåsepike».

Gjæsene har likevel vore høgt skatta av mellom anna romarane, som meinte fuglen var tileigna gudinna Juno og tilba ein gåseflokk på Kapitolhøgda som skal ha varsla om eit gallaråtak rundt år 390 f.Kr. Gjæser er knytte til fleire helgenar, som Bridget av Irland, Martin av Tours og den heilage Werburga, som skal ha vekka ei gås frå dei daude.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nynorskordboka Henta 9. mai 2013
  2. Engelsk Wikipedia oppgjev David Crystal (1998): The Cambridge Encyclopedia of Language (Paperback) ISBN 0-521-55967-7
  • «goose», The New Food Lover’s Companion (2001), Barron’s. Hauppauge, NY: Barron's Educational Series. Lese 22. desember 2008
  • «goose», A Dictionary of Phrase and Fable. Edited by Elizabeth Knowles. Oxford University Press, 2006. Oxford Reference Online. Lese 22. desember 2008
  • Susanne Hugo: «Geese: the underestimated species»

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Carboneras, Carles (1992): del Hoyo, Josep; Elliott, Andrew & Sargatal, Jordi (eds.), Handbook of the Birds of the World (Volume 1: Ostrich to Ducks): 536-629, plates 40-50. Lynx Edicions, Barcelona. ISBN 84-87334-10-5
  • Terres, John K. & National Audubon Society (1991): The Audubon Society Encyclopedia of North American Birds. Wings Books, New York. Reprint of 1980 edition. ISBN 0-517-03288-0
  • Videoar med gjæser frå the Internet Bird Collection