Hopp til innhald

Esmarchkysten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Esmarchkysten
kyst
Land  Bouvetøya
Koordinatar 54°25′46″S 3°17′06″E / 54.429367°S 3.285°E / -54.429367; 3.285
Lengd 6,5 km
Kart
Esmarchkysten
54°25′30″S 3°17′35″E / 54.425°S 3.29306°E / -54.425; 3.29306

Esmarchkysten er ei kyststrekning på vestkysten av Bouvetøya som ligg mellom Kapp Circoncision og Catoodden. Kysten er kalla opp etter Jens Esmark (1763-1839) som var ein norsk mineraolog og professor ved Universitetet i Oslo. Kyststrekninga er kring 6,5 km lang.

Langs kysten finn ein Nyrøysa og Westwindstranda i nord med Keisarryggen like vestom. Om lag halvvegs langs kysten ligg Norvegiaodden og Bollevika med Bennskjera utanfor og Mosbytoppane oppfor fjellsida. På kvar side av Mosbytoppane går Aagaardbreen i nord og Engelbrechtbreen i sør ned i fjellsida mot sjøen på. Like nord for Catodden går Sjøelefantstranda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]