Kapp Circoncision

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 54°23′53″ S 3°17′40″ E
Kapp Circoncision
nes
Cape Circoncision - Bouvet Island.jpg
Depothytte på Kapp Circoncision. Frå den tredje Norvegia-ekspedisjonen 1929.
Land Flag of Norway.svg Bouvetøya
Koordinatar 54°23′53″ S 3°17′40″ E
Bouvet Map.png
Locator Red.svg

Kapp Circoncision er ei halvøy på nordvestenden av den subantarktiske Bouvetøya i Sør-Atlanteren. Halvøya skil Esmarchkysten og Morgenstiernekysten.

Bouvetøya vart oppdaga av den franske marineoffiseren Jean-Baptiste Charles Bouvet de Lozier 1. januar 1739. Bouvet de Lozier trudde at øya var ein del av Terra Australis og gav staden namnet Cap de la Circoncision (norsk: Omskjærelsens forberg) etter kyrkjefesten same dag.[1] Seinare har øya vorte namngjeven etter oppdagaren, medan det originale namnet har blitt gjeve denne halvøya på nordvestkysten.

Under den andre Norvegia-ekspedisjonen 1928–29 vart det oppført ei depothytte på Kapp Circoncision, og året etter vart ytterlegare ei hytte oppført her av den tredje Norvegia-ekspedisjonen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Bouvetøya». Norskpolarhistorie.no. Henta 5. mars 2012. 

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.