Hopp til innhald

Espeland i Bergen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Espeland i Arna)
For andre tydingar av Espeland sjå fleirtydingsida Espeland, mellom anna Espeland i Fana
Espeland
tettstad
Espeland haldeplass for veterantoget på Vossabanen
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Bergen
Areal 1,65 km²
Folketal 2 535  (2023)
Folketettleik 1 536 / km²
Postnummer 5267 ESPELAND
Innbyggjarnamn arnabu
Preposisjon Espeland
Kart
Espeland i Bergen
60°23′00″N 5°28′00″E / 60.3833°N 5.46667°E / 60.3833; 5.46667

Espeland er ein tettstad i Arna bydel i Bergen kommune i Vestland. Staden ligg i Arnadalen midt på Bergenshalvøya. Riksveg 580 mellom Indre Arna og Nesttun går over Espeland. Tettstaden har 2 535 innbyggjarar per 1. januar 2023.

På Espeland ligg Janusfabrikken. Espeland haldeplass for Gamle Vossabanen ligg ved Janusfabrikken.

I Moldalia bygde den tyske okkupasjonsmakta i 1942–1943 Espeland fangeleir for norske og russiske fangar. Den berykta leiren blei etter krigen brukt til internering av landssvikarar, og seinare var den brukt av Sivilforsvaret. Den er no driven som krigsmuseum.

Alliansekorpset Arna held til på Espeland.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]