Janusfabrikken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Janusfabrikken

Janusfabrikken er ei norsk verksemd som driv tekstilframstilling på Espeland i Bergen. Ho er særleg kjend for å produsera undertøy. Janusfabrikken er ein norsk marknadsleiar og ein stor undertøysprodusent i Europa.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Fabrikken starta 25. mars 1895 under namnet Espelandfos Spinderi & Tricotagefabrik, med energi frå Espelandsfossen. Grunnleggjaren var Anton Stephan Stephansen (1845–1929). Verksemda endra namn til A.S. Stephansen A/S i 1912 og til Janusfabrikken AS i 1997. Varemerket «Janus» vart teke i bruk i 1909 etter den romerske guden Janus.[2]

I 1899 gav Stephansen økonomisk støtte til bygging og drift av Espeland stasjon på Vossabanen. Den gamle stasjonen er i dag restaurert av verksemda, og den opphavlege trebygningen til fabrikken gjort om til kultursenter.[3] Eit nybygg blei utvikla av arkitekt Egill Reimers og bygd i 1924–34. Verksemda fortsette utvidinga i etterkrigdstida, og i 1951 var verksemda den største trikotasjefabrikken i Noreg. På sitt største, i 1960-åra, hadde ho opptil 600 tilsette.[2]

Stephansen-familien eigde og styrte verksemda fram tl 1992, då to vart kjøpt av tilsette, fabrikksjef Harald Flatebø og marknadssjef Vebjørn Vangen. Deretter blei deira to familiar eigarar gjennom selskapet Janus Holding AS.[2] Seinare vart også Gøy AS eigar.[1]

I 1999 kjøpte verksemda Irisfabrikken i Os.[2] I 2008 hadde ho 100 tilsette.[2]

Produkt[endre | endre wikiteksten]

Janusfabrikken marknadsfører mellom anna kløfritt ullundertøy, flammehemmande undertøy for industrien (JanusPro), sokkar og barneklede. Dei hadde suksess med raggsokkar på byrjinga av 1900-talet, og med islendarar noko seinare. I tillegg til Janus-merket har verksemda også vareremerka Iris og Krone.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Selskapet, Janus.no, henta 29. august 2017 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 «Janusfabrikken», Bergen byleksikon, henta 29. august 2017 
  3. Historikk, Janus.no, henta 29. august 2017 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]