Espen Borge
Espen Borge | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 8. september 1961 (63 år) |
Idrett | friidrett |
Espen Borge (fødd 8. september 1961) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Drammen som vart norsk meister to gongar på 800 meter og tre gongar på 1500 meter. I 1987 forbetra han den norske rekorden på 3 000 meter hinder, ein nasjonal rekord som vart ståande i åtte år. Han var medlem av IF Hellas, frå 1986 representerte han IK Tjalve.
Borge høyrde til noregstoppen på mellomdistansane i ein tiårsperiode frå 1982, særleg utmerkte han seg med sin spurtstyrke på 1500 meter. I 1986 prøvde han seg på 3 000 meter hinder. Året etter, under eit stemne i nederlandske Hengelo den 19. juli, sletta han den tretten år gamle noregsrekorden til Knut Kvalheim på 3 000 meter hinder. Borge vart femtemann i eit felt med sterke løpar og flytta landsrekorden frå 8.25,2 til 8.23,11. I juni 1995 forbetra Jim Svenøy noregsrekorden i øvinga til 8.21,4.
Personlege rekordar
[endre | endre wikiteksten]- 800 meter : 1.47,41 (1984)
- 1500 meter: 3.38,74 (1987)
- 3 000 meter hinder: 8.23,11 (1987)
Medaljar i noregsmeisterskap
[endre | endre wikiteksten]- 1982 i Porsgrunn: Sølvmedalje på 1500 m
- 1984 i Øvre Årdal: Gullmedalje på 800 m, sølv på 1500 m
- 1986 i Sandnes: Gullmedalje på 800 m, sølv på 1500 m
- 1987 i Nesbyen: Gullmedalje på 1500 m
- 1988 på Byrkjelo: Gullmedalje på 1500 m, sølv på 3000 m hinder
- 1990 i Moss: Bronsemedalje på 3000 m hinder
- 1991 i Fana: Gullmedalje på 1500 m
- Gull 1991 og 1992 i 3 km terrengløp, sølv 1989 i 10 km terrengløp