Hopp til innhald

Hengelo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hengelo
by
Twentekanaal i Hengelo.
Flagg
Våpenskjold
Land  Nederland
Provins Overijssel
Areal 61,78 km²
Folketal 81 049 (1. januar 2021)[1]
Kart
Hengelo
52°15′56″N 6°47′35″E / 52.265555555556°N 6.7930555555556°E / 52.265555555556; 6.7930555555556
Kart som viser Hengelo.
Kart som viser Hengelo.
Kart som viser Hengelo.
Wikimedia Commons: Hengelo, Overijssel

Hengelo er ein kommune og by i Nederland i provinsen Overijssel med om lag 80 000 innbyggjarar. Han ligg langs motorvegane A1/E30 og A35, og har ein stasjon langs toglinja AmsterdamHannoverBerlin.

Området har vore busett i eit par tusen år, men kommunen vart først oppretta i 1802 og på denne tida bestod han berre av eit par hundre gardar og arbeidarhus. Hengelo utvikla seg raskt frå ein liten landsby til ein by seint på 1800-talet då han vart eit viktig jernbaneknutepunkt. Dette trekte til seg tungindustri som Stork, Hazemeyer, Heemaf, KHZ og Hollandse Signaal Apparaten. Sjølv om han hadde ein del innbyggjarar fekk aldri Hengelo byrettar.

Under den andre verdskrigen vart byen ofte bombardert av dei allierte på grunn av jernbanestasjonen og fabrikkane som produserte krigsmateriell. Store delar av byen vart lagt i grus 6. og 7. oktober 1944 og fleire hundre menneske mista livet.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Hengelo