Eternit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit hus med Eternit på veggane.
Foto: Kjetil Lenes

Eternit er eit varemerke for eit byggjemateriale, betongplate armert med asbest. Produktet blei patentert i 1904 av austerrikaren Ludwig Hatschek. Namnet kjem av at materialet skal kunna stå seg i all æva, på latin aeternitas. Materialet var laga av asbestfibrar ihopblanda med sement og vatn. Denne vellinga blei så breidd utover og vatnet fjerna. Resultatet var ein slags papp som kunne formast til plater, røyr og anna før den til slutt stivna til ei hard plate. Fordelen med eternit er at materialet held seg uansett temperatur og vêrlag. Mellom anna har eternit vorte nytta til å kle husvegger og som takplater. Ein eternitvegg treng ikkje husmåling slik som til dømes trevegger. Eternit står seg godt mot brann etter som det inneheld asbest.

I Noreg blei Norsk Eternit Fabrikk bygd på Bjerkås under den andre verdskrigen, som ein dotterverksemd av Christiania Portland CementfabrikSlemmestad, men produksjonen starta ikkje før krigen var over. Han var den einaste eternitfabrikken i Noreg. Eternit vart mykje nytta i 195060-åra. Etter kvart kom det fram at ved produksjon av og saging i eternitt vart det laga helsefarleg støv. Støvet trengjer inn i pusteorgan og er årsak til sjukdomen asbestose og kan òg vera kreftframkallande.

I 1970-åra kom det fram at mange tilsette i eternitfabrikkar hadde vorte sjuke. Etter kvart vart det forbode å nytta asbest, og eternit vart eit spesialavfall. Arbeidstilsynet har gjeve særskilte reglar for fjerning av eternit og andre materiale med asbest. Eternitfabrikken blei lagd ned i 1978.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Frithjof Gartmann: Sement i Norge 100 år. Oslo 1990

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]