Slemmestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Slemmestad sett frå Bøsnipa. Oslo ligg i det fjerne aust for Oslofjorden. Nesodden kjem inn frå høgre.(Foto: Kjetil Lenes)

Slemmestad er ein stad i Røyken kommune i Buskerud fylke. Han ligg ved Oslofjorden, ved grensa mot Asker kommune i Akershus. I tillegg til noko småindustri er plassen prega av arbeidspendling mot Drammen og Oslo. Tettstaden Slemmestad oppstod rundt sementfabrikken, som var i drift frå 1888 til 1989. Han var lenge ein einsidig industristad.

Saman med Bødalen utgjer Slemmestad no den sørvestlegaste delen av tettstaden Oslo. Slemmestad har kraftig tilflytting, og ferjesamband med Oslo sentrum, buss til Drammen og Oslo.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Slemmestad ligg på Oslofjordsida av Hurumlandet, lengst i nord mot fylkes-/kommunegrensa mot Akershus og Asker.
Det gamle midtpunktet i Slemmestad. Det kvite huset var offentleg bad, eigd av sementfabrikken. Bygningen bak var Hotell Norge. (Foto: Kjetil Lenes)

Slemmestad ligg i den eine enden på det som lokalt blir kalla oldtidsvegen. Oldtidsvegen er ein del av ein gamal ferdselsveg frå Oslo til Drammen, han er tusenårsstaden i Røyken. Fram til opprettinga av sementfabrikken i 1888 var dette ei rein jordbruksbygd, dei største gardane var øvre og nedre Slemmestad og Lillelien.

Sementfabrikken[endre | endre wikiteksten]

Fleire gardar blei kjøpt opp av svenske og tyske interesser i 1888, med tanke på sementproduksjon. I byrjinga blei det starta teglverk og sagbruk for å skaffe materialar til sementfabrikken. Denne verksemda gjekk konkurs og buet blei kjøpt av ei gruppe grosserarar frå Kristiania i 1892. Kalksteinsforekomstane i Slemmestadområdet hadde vist seg å vera for dårlege, og kalksteinen blei derfor skipa frå Langøya ved Holmestrand.

Fabrikken, Aktieselskabet Christiania Portland Cementfabrik (CPC) var i fleire år den einaste sementfabrikken i Noreg. Han var ei hjørnesteinsverksemd og banda mellom verksemd og lokalsamfunn var sterke, samstundes som den lokale fagrørsla etter kvart vart særs radikal.

I 1967, året før dei norske sementprodusentane fusjonerte, hadde fabrikken ein produksjon på 1,1 millionar tonn sement i året og sysselsette 466 personar. I tillegg kom 287 på eternittfabrikken. Den nye utskipingskaia i Slemmestad sentrum kunne då ta imot båtar opp til 45 000 tonn.

Sementfabrikken og lokalsamfunnet[endre | endre wikiteksten]

Det fanst ikkje infrastruktur i noko mon då fabrikken starta. Mange av arbeidarane hadde difor lang veg til fots til arbeidet, samstundes som dei arbeidde 12-timars skift. Verksemda reiste difor mange arbeidarbustadar allereie frå starten og i tida fram til andre verdskrigen, utover 50-talet gav dei støtte til sjølvbyggarar med gratis tomter, arkitekthjelp, rentestøtte på lån, gratis sement osb. I mellomkrigstida stod CPC for bygging av offentleg bad. I 1953 stod bygda sin nye idrettspark med fotball-, tennis- og friidrettsbane, og utandørs symjebasseng, ferdig. CPC hadde gjeve tomta og brorparten av dei 335 000 kr parken kosta, Slemmestad Idrettsforening hadde stilt med 20 000 dugnadstimar. På 50- og 60-talet reiste verksemda bustader for pensjonistar. Desse bustadane blei overdratt til arbeiderforeininga utan vederlag og pensjonistane budde gratis. Ein kan seie at verksemda sytte for offentlege tenester som kommunen tok seg av andre plassar.

Arbeidarrørsla[endre | endre wikiteksten]

Slemmestad Arbeiderforening blei stifta i 1896, og hadde då 72 medlemmer av truleg rundt 200 tilsette. Ho starta som ei relativt upolitisk foreining for gjensidig støtte, men alt i 1901 var foreininga tilknytt Landsorganisasjonen og Det Norske Arbeiderpartiet. Etter kvart gjekk ho inn i Norsk Arbeidsmandsforbund. Foreininga fekk sin første kollektive avtale i 1907, etter trugsmål om streik. Trass to vekers lock-out i 1908, blei den kollektive avtalen ståande.

Dyrtida og nedgangen i realløn under første verdskrigen radikaliserte fagrørsla, også i Slemmestad, og i 1919 slutta Slemmestad Faglige Samorganisasjon seg til Fagopposisjonen. Arbeidskonfliktane hadde byrja i 1917, og i 1920 hadde dei oppnådd monaleg lønnsauke, åtte timars arbeidsdag og ei auke i ferie med løn frå fire til tolv dagar. Bedrifta hadde blitt ekskludert frå Norsk Arbeidsgiverforening for å ha vore for ettergjevande.

I 1912 var Arbeiderforeninga blitt delt, då dei faglærte gjekk ut og danna Reparatørenes forening, tilknytt Jern- og Metallarbeiderforbundet. Også Brygge- og pakkhusarbeidarane skipa eiga foreining, i 1915. Truleg var det misnøye med Arbeidsmandsforbundet sentralt, meir enn lokal usemje, som førte til oppsplittinga. Mellom anna blei den lokale Samorganisasjonen nytta aktivt i forhandlingane og konfliktane med bedrifta. Desse konfliktane var prega av stor lokal mobilisering, og gjekk føre seg langt på veg utan sentral kontroll. Storstreiken i 1921, som òg råka sementfabrikken, endra ikkje på organisasjonstilhøva på Slemmestad. Dette i motsetnad til andre plassar, kor fagrørsla kom svekka ut.

LO-kongressen i 1923 vedtok at industriforbundsforma skulle rå i norsk fagrørsle, slutta dei fagorganiserte i Slemmestad opp om dette. Dei var organiserte i fire fagforeiningar, i fire ulike forbund, og alle foreiningane gjekk no inn i det nyoppretta Norsk Kjemisk Industriarbeiderforbund. Anders Gulbrandsen frå Arbeiderforeninga blei valt inn i styret i NKIF ved opprettinga.

Eternit og asbestose[endre | endre wikiteksten]

Allereie i 1904 var det planar om å starte produksjon av eternit. Eternit blir laga med sement som råstoff, saman med asbest. Problem rundt finansieringa gjorde at fabrikken til Norsk Eternit Fabrikk først blei ferdig i 1941. Fabrikken blei lagt nokre hundre meter unna sementfabrikken, og hamna difor på Bjerkås i Akershus. Dårleg tilgang på asbest førte til at produksjonen først kom i gang for alvor etter krigen. Eternit'n hadde på det meste rundt 400 tilsette og blei lagt ned i 1978. Dei første tilfella av lungesjukdommen asbestose var oppdaga på 60-talet, og då avsettinga i Noreg forsvann blei fabrikken avvikla. Slemmestad Arbeiderforening reiste sak, og i 1983 blei det inngått eit forlik mellom Norsk Kjemisk Industriarbeiderforbund og Norcem. Norcem tok ikkje noko rettsleg ansvar, men tok ansvaret for den medisinske oppfølginga av dei tidlegare tilsette. Dei gav òg økonomisk kompensasjon til dei som vart råka av sjukdom. Så seint som i 1996 dukka det framleis opp nye tilfelle av asbestrelatert kreft (malignt mesoteliom). Ein artikkel i Drammens Tidende - Buskerud Blad det året rekna med at det fram til då hadde vore mellom 70 og 80 dødsfall knytte til eternitproduksjonen.

Moderne tid[endre | endre wikiteksten]

Sementfabrikken blei lagd ned i 1989, arkiv og anna blei overført til Cementmuseet i Røyken folkebibliotek. Siloane frå sementproduksjonen er synlege på lang avstand og blir no nytta som transittlager for sement. Delar av fabrikkområdet blei gjort om til bustadområdet Odden. Fleire bygningar frå fabrikken, til dømes badet og sekkefabrikken er i bruk i anna næringsverksemd og utgjer ein del av Slemmestad sentrum.

Noregs største (2005) hindutempel held til på Slemmestad. Tempelet var opphavleg bygd som Folkets hus på tomta til det første lokalet til Arbeiderforeninga (innvia 1900).

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Grunnfjell og gamle avsettingar i Slemmestad. A: Permisk gangbergart (mænaitt) B: Mellomkambrisk alunskifer C: Mellomkambrisk kalkstein med fossil D: Prekambrisk grunnfjell med eit tynt lag av kambrisk konglomerat på toppen
Kjelde: Jan Ove R. Ebbestad og Elisabeth Sunding: Ekskursjonsguide 1 - Slemmestad. Slemmestad, 2000. Foto: Kjetil Lenes

Slemmestad er ein del av Oslofeltet og har saman med Bødalen ein særs samansett geologi. Kalkstein og skifer, som begge gir eit godt jordsmonn, vekslar med grunnfjell. Dette gir stor variasjon i kva slags planter det veks her. Kalksteinen var årsaka til at sementfabrikken blei lagt her.

Nest etter Kolsås er dette truleg den plassen i Noreg som er mest nytta til geologiske studie. Her finn ein på eit lite område rike førekomstar av fossilar og eit breitt utval bergartar frå jordas urtid og oldtid. Avsettingar frå kambrosilur møter her prekambrisk grunnfjell. Det finst detaljerte ekskursjonsførarar til området, utarbeida av fagfolk. Fleire lokalitetar i området er verna etter naturvernlova.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Terje Martinsen: Røyken. Bygda og menneskene. 1840-1940. Røyken, 2004.
  • Terje Martinsen: Røyken. Bygda og menneskene. 1940-2000. Røyken, 2005.
  • Erik Andresen: Radikalisering og splittelse på lokalplanet. Slemmestad-arbeiderne 1913–1924. Slemmestad, 1978.
  • Frithjof Gartmann: Sement i Norge 100 år. Oslo 1990
  • Jan Ove R. Ebbestad og Elisabeth Sunding: Ekskursjonsguide 1 - Slemmestad. Slemmestad, 2000.
  • Johannes A. Dons: Oslo-traktenes geologi med 25 turbeskrivelser. Nesbru 1996.

Koordinatar: 59°46′55″N 10°29′52″E