Etherow
| Etherow | |||
| elv | |||
Etherow (venstre), møter Black Brook frå Bleaklow. | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Nedslagsfelt | 77,7 km² | ||
| Lengd | 30 km | ||
| Kjelde | |||
| - stad | Featherbed Moss, Bleaklow | ||
| • høgd | 500 moh. | ||
| Munning | |||
| - stad | Goyt | ||
| - koordinatar | 53°24′32.04″N 2°3′31.64″W / 53.4089000°N 2.0587889°W | ||
![]() Etherow 53°24′32″N 2°03′32″W / 53.4089°N 2.0587888888889°W | |||
| Wikimedia Commons: River Etherow | |||
Etherow er ei elv i Derbyshire og Stor-Manchester i England, Ho er ei sideelv til Goyt, og er 30 kilometer lang, med eit nedbørfelt på 77,7 km². Den øvre dalen til elva blir kalla Longdendale. Elva danna tidlegare grensa mellom dei historiske grevskapa Cheshire og Derbyshire.
Elveløpet
[endre | endre wikiteksten]Elva har utspringet sitt på Featherbed Moss like over grensa til South Yorkshire, og ho renn herfrå ned i Longdendale, der ho passerer gjennom Longdendale Chain, ei rekkje på seks reservoar som vart bygd på slutten av 1800-talet for å sikre vassforsyninga til Manchester og Salford. Nedanfor reservoara passerer elva Tintwistle og Hollingworth og fortset mot sørvest til ho munnar ut i Goyt ved Brabyns Park nær Marple. 6 km nedstraums frå munningen til Etherow renn Goyt saman med Tame og dannar elva Mersey.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Etherow» frå Wikipedia på bokmål, den 5. juli 2011.

