Etnos og demos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Etnos og demos er uttrykk for to ulike slag hopehav mellom folk i eit samfunn. Båe orda er greske, og tyder folk. Etnos spelar på at folk høyrer saman for di dei har i lag slike ting som soga, mål, religion og etnisitet. Demos går ut på at folk høyrer saman for di dei deler dei same rettane og pliktene andsynes sams styremakter innan det avgrensa området dei alle bur.

Desse hopehava er utgangspunktet for kvar sin definisjon av omgrepet nasjon. Det me stundom kallar den tyske nasjonsdefinisjonen, byggjer på etnos, og kan illustrerast ved orda åt diktaren Ernst Moritz Arndt om at det tyske Vaterland strekte seg so weit die Deutsche Zunge klingt - alle stader ein kunne høyra tysk tungemål. Den franske nasjonsdefinisjonen på si sida seier at nasjonen, det er demos. Det er det hopehavet ein har ved at ein saman er undersåttane åt kongen og styremaktene, med like rettar og plikter i so måte, som held folket saman til ein nasjon.

Ein kan soleis ha tilhøyrsla til ulike nasjonar, alt etter kva for ein definisjon ein nyttar. Ein kan høyra til den samiske nasjonen som etnos, og samstundes vera nordmann som demos. Dette tilhøvet mellom etnos og demos ser me òg andre stader som i Bosnia-Hercegovina, der ein bosniak er ein muslim som talar den bosniske utgåva av serbokroatisk som etnos, og samstundes bosniar som demos til liks med serbarane og kroatane i same landet. Sameleis med Finland, der ein som demos kan kalla alle innbyggjarane finnlendingar eller finnlendarar, medan folkesetnaden etter etnos er skift i finnar som talar finsk, finlandssvenskar som talar svensk og samar som talar samiske mål.

Dersom etnos og demos i stor grad fell i hop har me det me kallar ein nasjonalstat.