Livssyn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Livssyn er ei overordna og felles nemning som ofte blir brukt om det eit menneske trur om livet og verda — om det finst noka høgare makt eller ikkje, og kva slags etikk ein bør leva etter. Livssyn omfattar difor ei røyndsoppfatning om korleis ein kan få kunnskap om verda (ein epistemologi) og korleis vi bør leva (til dømes gjennom openberring, fornuft eller erfaring), eit syn på mennesket og oppfatningar om kva som er rett og gale, godt og vondt (ein etikk).

Livssyn kan delast i to hovudgrupper: religiøse og sekulære.

Mange religiøse livssyn er kjent (som jødedom, kristendom, islam), men det finst også sekulære livssyn, til dømes humanismen (sjå også humanistisk livssyn). Nokre politiske ideologiar er så omfattande at dei i ein del samanhengar også kan kallast livssyn, for eksempel marxismen, anarkismen og nazismen.

Ut frå denne forståinga vil det ikkje vere naturleg å kalla ateisme for livssyn. Ateismen er den (filosofiske) posisjonen at det ikkje finst nokon gud. Dette er ikkje tilstrekkeleg til å definera eit livssyn fordi det ikkje følgjer av gudsfornektinga at ein har ei røyndomsoppfatning, ein epistemologi og ein etikk som til saman utgjer eit (livssynsmessig) heile. Ateismen vil likevel ofte inngå som del av sekulære livssyn, for eksempel i mange variantar av marxismen og anarkismen. Mange livssynshumanistar er også ateistar, men ikkje alle. Ein del tilhengjarar av sekulære livssyn er også agnostikarar.

I moderne menneskerettstenking høyrer også de sekulære livssyn til dei rettane som kjem inn under religions- eller trusfridomen. Omgrepsmessig ville det difor vere meir rett å tale om livssynsfridom enn religionsfridom.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]