Eudyptes
| Eudyptes | |
Gulltoppingvin, Eudyptes chrysolophus på Sør-Georgia. Foto: Serge Ouachée | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
| Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
| Klasse: | Fuglar Aves |
| Overorden: | Aequornithes |
| Orden: | Sphenisciformes |
| Familie: | Pingvinar Spheniscidae |
| Slekt: | Eudyptes Vieillot, 1817 |
Eudyptes er ei biologisk slekt av seks pingvinartar. Felles karakteristiske trekk inkluderer iaugefallande gulfarga fjørpryd på hovudet, som kraftige augebryn, dessutan raudfarge i nebbet, og rosa føter. Dei hekkar på New Zealand og sub-antarktiske øyar i Sørishavet. Alle legg to egg, men det første egget dei legg er vesentleg mindre enn den andre.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Lætet frå desse fuglane er meir samansett enn blant andre pingvinartar, med varierte strofer av ulik lengd.[1]
Eudyptes-pingvinar hekkar på øyar i dei sørlege delar av verdshava, det største mangfaldet finn ein rundt New Zealand og omkringliggande øyar. Kurtise og åtferd ved hekking er meir utvikla enn blant andre pingvinartar.[2] Begge kjønna tar del i ruging av egg og ungar.[3]
Desse pingvinane legg to egg, men det første er mindre enn det andre. Alle artane viser det sjeldne fenomenet, den første egget (eller egg-A) er monaleg mindre enn den andre (egg-B). Det er mest ekstremt hos klippehopparpingvin, kor det første egget gjennomsnitt berre har 60 % av storleiken til det andre egget.[4] Grunnen til dette fenomenet er enno ukjent.
Artsliste
[endre | endre wikiteksten]Eudyptes i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2017[5] med norske namn etter Ny verdensliste med norske fuglenavn NOF, 20.04.2017
- Skogpingvin, Eudyptes pachyrhynchus, Fiordland Penguin, VU
- Hornpingvin, Eudyptes sclateri, Erect-crested Penguin, EN
- Gulltoppingvin, Eudyptes chrysolophus, Macaroni Penguin, VU
- Kvitkinnpingvin, Eudyptes schlegeli, Royal Penguin, VU
- Klippehopparpingvin, Eudyptes chrysocome, Rockhopper Penguin, VU
- Langduskpingvin, Eudyptes moseleyi, Tristan Penguin, EN
- Snarespingvin, Eudyptes robustus, Snares Penguin, VU
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen byggjer på «Crested penguin» frå Wikipedia på engelsk, den 14. juli 2012, artikkelen gav følgjande referanse:
- Williams, Tony D. (1995). The Penguins. Oxford, England: Oxford University Press. ISBN 0-19-854667-X.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Williams (The Penguins) p. 69
- ↑ Williams (The Penguins) p. 52
- ↑ Williams (The Penguins) p. 76
- ↑ Williams (The Penguins) p. 38
- ↑ Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta =23. desember 2017