Skogpingvin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skogpingvin

Status i verda: VU Sårbar

Skogpingvin, fotografert på Breaksea Island, mars 2003 Foto: Thomas Mattern
Skogpingvin, fotografert på Breaksea Island, mars 2003
Foto: Thomas Mattern

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Sphenisciformes
Familie: Spheniscidae
Slekt: Eudyptes
Art: E. pachyrhynchus
Vitskapleg namn
Eudyptes pachyrhynchus
G R Gray, 1845
Utbreiing av populasjonen

Skogpingvin, Eudyptes pachyrhynchus er ein mellomstor, svart-kvit pingvin med gul fjørpryd på hovudet. Som hekkefugl er han endemisk til New Zealand, men kan òg treffast på streif i australske farvatn.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Skogpingvinen blir ca. 60 cm høg og veg i gjennomsnitt 3,7 kilogram, varierande i området 2 til 6 kg.[1] Han har mørk, blågrå overside med eit mørkare hovud, meir mørkgrått på kinn og strupe og kvit underside. Den kraftige, gule augebrynstripa strekkjer seg over auget og fell ned mot nakken. Dei fleste fuglane har 3-6 kvitaktige striper i ansiktet. Nebbet er middels kraftig og har oransje farge.

Dei hekkar små, lause koloniar som kan ha mindre enn 10 par. Hekkeplassane ligg i tjukk kystskog eller i hòler eller bergsprekker i steinete terreng nær havkanten i sørvestre New Zealand. Koloniar finst på Codfish Island ved Stewart Island/Rakiura, på sjølve Stewart Island, langs Fiordland og sørlege Westland District, dei fleste på øyar. 10 % av populasjonen lever i området ved Jackson Bay.[2] Fuglar som ikkje hekkar kan spreie seg langt utanfor dette området til subantarktiske øyar. Fuglane spreier seg òg utanom hekkesesongen til t.d. Chathamøyane og til øyar ved sørlege Australia.

Hekkebiologien er sær ved at paret legg to egg, som oftast berre gjev ein unge, og ved at denne sjøfuglen finn reirplass under trerøter og trestammar, i tett buskkratt eller i bergsprekker eller hòler. Hoa legg først eit egg på 99 gram, ca. 4 dagar etter legg ho eit monaleg større egg, 117 gram, og ruginga startar. Begge foreldra rugar på skift, skiftlengda varierer opp til 14 dagar, totalt er rugetida 30-35 dagar. Nokre gonger blir det første egget fjerna, ofte klekker to egg, men det er sjeldan at minste ungen frå det første egget veks opp. Hannfuglen varmar og vaktar ungane i ca. tre veker, og ungane forlèt reirplassen ca. 10 til 11 veker gamle. Den totale hekkeperioden frå egglegging til ungane i kolonien er sjølvstendige er frå juli til tidleg desember.[3]

Skogpingvinar beitar på byttedyr som er tilgjengelege, det inkluderer blekksprut-artar, kril og eit utval av småfisk.

Denne pingvinarten har ein estimert populasjon på totalt ca. 2500-3000 kjønnsmodne individ (1997), og er minkande. Populasjonen er splitta opp i ca. 12 grupperingar på 100-200 par kvar.[2][3] Trugsmål er wekarikse, Gallirallus australis, som er indrodusert til mange øyar med hekkekoloniar av skogpingvinar og er blitt predatorar på skogpingvinegg og ungar. Andre predatorar er innførte pattedyr som hundar og kattar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. CRC Handbook of Avian Body Masses by John B. Dunning Jr. (Editor). CRC Press (1992), ISBN 978-0-8493-4258-5.
  2. 2,0 2,1 BirdLife International 2012
  3. 3,0 3,1 Heather og Robertson (2005)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]