Eulalia-sekvensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Manuskriptet til Eulalia-sekvensen ved Valenciennes kommunale bibliotek.

Eulalia-sekvensen (fransk Séquence/Cantilène de sainte Eulalie) er det eldste overlevande stykket fransk hagiografi og ein av dei eldste tekstane som framleis finst på folkemålet langues d'oïl (gammalfransk). Han stammar frå rundt 880.

Eulalia av Mérida var ein tidleg kristen martyr frå Mérida i Spania som blei drepen under forfølgingane til Diokletian rundt 304. Sekvensen fortel soga hennar i 29 vers, der ho står imot trugsmål frå heidningar, forsøk på bestikking og tortur frå den heidenske keisaren Maximianus. Ho overlever ved eit mirakel å bli brunnen på bålet, men blir til slutt halshoggen. Då stig ho opp til himmelen i form av ei due.

Sekvensen blei skriven på vers ein gong kring 880, like etter at relikviane til ein helgen med det same namnet, Eulalia av Barcelona, blei oppdaga i 878.

Manuskriptet som inneheld sekvensen er ei samling preiker av Gregor av Nazianz. Det er fyrst omtalt i ein katalog frå 1100-talet i biblioteket i Saint-Amand kloster, sjølv om ein har datert sjølve manuskriptet til byrjinga av 800-talet. Det er ikkje kjent sikkert kvar det blei laga. B. Bischoff har føreslått at det kom frå ei skrivarstove i (Låge) Lothringen, men ikkje frå Saint-Amand sjølv, gitt stilen til oppbygginga og handskrift, som ikkje matchar andre manuskript som blei laga der i same periode.[1]

Manuskriptet er likevel mindre viktig for det opphavleg innhaldet sitt enn for dei tomme sidene som seinare skriftlærde fylte med fleire tekster. Desse inkluderer:

  • den øvre halvdelen av f141: eit latinsk dikt på 14 radar om heilage Eulalia (Cantica uirginis eulalie)
  • den øvre halvdelen av f141v: Eulalia-sekvensen i folkeleg romansk
  • frå botnen av f141v til toppen av f143: Ludwigslied (Rithmus teutonicus), skriven på ein variant av det gamle høgtyske språket.

Jean Mabillon vitja Saint-Amand i 1672, laga han ein kjapp kopi av Ludwigslied, men verken han eller dei som var med han verker som å ha forstått tydinga av sekvensen som stod før denne. Då Mabillon og historikaren Johannes Schilter prøvde å få ei betre transkripsjon av Ludwigslied i 1693, kunne ikkje munkane i klosteret finna manuskriptet. Det var tapt gjennom heile 1700-taket, til heile innhaldet i klosterbiblioteket blei konfiskert og overført til Valenciennes i 1792, etter ordre frå revolusjonsregjeringa . I september 1837 vitja Hoffmann von Fallersleben til biblioteket i Valenciennes for å prøva å finna att den tapte teksten til Ludwigslied. Han fortel at det berre tok han ein ettermiddag å finna manuskriptet og skjøna at det inneheldt ein annan viktig tekst, Eulalia-sekvensen.[2]

Tekst[endre | endre wikiteksten]

Eulalia-teksten er ein sekvens eller «prose» som består av 14 assonante kuplettar, kvar skriven på ei linje og skilt av eit punktus, etterfølgd av eit siste coda-vers utan eit versepar. Sekvensen følgjer ikkje ein streng metrikk. Dei fleste kuplettane består av to vers på ti stavingar, men nokre har 11, 12 eller 13 stavingar.

Ein transkripsjon av den opphavlege teksten er under (med forkorta ord utvida og nokre ordgrenser innført)[3], saman med ein rekonstruert fonetisk transkripsjon[4] og ei engelsk omsetjing.[5]

Tekst Rekonstruert uttale Engelsk omsetjing

Buona pulcella fut eulalia.
Bel auret corps bellezour anima
Voldrent la veintre li deo Inimi.
Voldrent la faire diaule seruir
Elle no'nt eskoltet les mals conselliers.
Qu'elle deo raneiet chi maent sus en ciel.
Ne por or ned argent ne paramenz.
Por manatce regiel ne preiement.
Niule cose non la pouret omque pleier.
La polle sempre non amast lo deo menestier.
E por o fut presentede maximiien.
Chi rex eret a cels dis soure pagiens
Il li enortet dont lei nonque chielt.
Qued elle fuiet lo nom christiien.
Ell'ent adunet lo suon element.
Melz sostendreiet les empedementz
Qu'elle perdesse sa virginitet.
Por o's furet morte a grand honestet
Enz enl fou lo getterent com arde tost.
Elle colpes non auret, por o no's coist.
A czo no's voldret concreidre li rex pagiens.
Ad une spede li roveret tolir lo chieef.
La domnizelle celle kose non contredist.
Volt lo seule lazsier si ruovet Krist.
In figure de colomb volat a ciel.
Tuit oram que por nos degnet preier.
Qued avuisset de nos Christus mercit
Post la mort et a lui nos laist venir
Par souue clementia.

bwᴐnə pyltsɛlə fyθ əylaljə
bɛl avrəθ kᴐrps bɛlədzou̯r anəmə
vᴐldrənt la vei̯ntrə li dɛə enəmi
vᴐldrənt la fai̯rə diavlə sɛrvir
elə nᴐnt ɛskoltəθ les mals konseʎɛrs
kelə dɛə rənei̯əθ ki mæ̃nt sys en tsjɛl
nə pᴐr ᴐr nəð ardʒɛnt nə parəmɛnts
pᴐr mənatsə rei̯jɛl nə prei̯əmɛnt
nylə kᴐzə non la pᴐu̯rəθ omkə plei̯ɛr
la polə sɛmprə non amast lə dɛə mənɛstjɛr
ɛ pᴐrᴐ fyθ prəzɛntɛðə maksimjɛn
ki rei̯s ɛrəθ a tsels dis sovrə pai̯jɛns
el li ənᴐrtəθ dont lei̯ nonkə tʃjɛlt
keð elə fɥiəθ lə nom krestjɛn
elent aðynəθ lə swᴐn elemɛnt
mjɛls sostɛndrei̯əθ les ɛmpɛðəmɛnts
kelə pɛrdesə sa virdʒinitɛθ
pᴐrᴐs fyrəθ mᴐrtə a ɡrand ᴐnɛstɛθ
ents enl fᴐu̯ la dʒətɛrənt kom ardə tᴐst
elə kolpəs non avrəθ pᴐrᴐ nos kᴐi̯st
a tsə nos vᴐldrəθ konkrei̯ðrə li rei̯s pai̯jɛns
að ynə spɛðə li rᴐvɛrəθ tᴐlir lə tʃjɛf
la dᴐmnidzɛlə tselə kᴐzə non kontrədist
vᴐlt lə səylə laɕjɛr si rwᴐvəθ krist
en fiɡyrə də kᴐlom vᴐləθ a tsjɛl
tɥiθ oram kə pᴐr nos deɲəθ prei̯jɛr
keð avɥisəθ də nos kristəs mɛrtsiθ
pᴐst la mᴐrt ɛð a lɥi nos lai̯st vənir
par sou̯və kləmɛntsə
Eulalia was a good girl,
She had a beautiful body, a soul more beautiful still.
The enemies of God wanted to overcome her,
they wanted to make her serve the devil.
She does not listen to the evil counsellors,
(who want her) to deny God, who lives up in heaven.
Not for gold, nor silver, nor jewels,
not for the king's threats or entreaties,
nothing could ever persuade the girl
not to love continually the service of God.
And for this reason she was brought before Maximian,
who was king in those days over the pagans.
He exhorts her — but she does not care —
to abandon the Christian name;
She gathers up her strength." / "And subsequently worship his god.
She would rather undergo persecution
Than lose her spiritual purity.
For these reasons she died in great honor.
They threw her into the fire so that she would burn quickly.
She had no sins, for this reason she did not burn.
The pagan king did not want to give in to this;
He ordered her head to be cut off with a sword.
The girl did not oppose that idea:
She wants to abandon earthly life, and she calls upon Christ.
In the form of a dove she flew to heaven.
Let us all pray that she will deign to pray for us
That Christ may have mercy on us
And may allow us to come to Him after death
Through His grace.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Cited by Berger & Brasseur (2004, p. 58f) and by Simeray (1990, p. 54).
  2. Hoffmann & Willems (1837, p. 3); Simeray (1990, p. 56ff)
  3. For a closer transcription, see e.g. Foerster and Koschwitz (1902, cols. 48–51). The first published transcription of the Sequence can be found in Hoffmann & Willems (1837, p. 6). For images of the manuscript, see the website Arkivert 2013-01-30 ved Wayback Machine. of the Bibliothèque de Valenciennes.
  4. Porter, L. C. (1960). «The "Cantilène de Sainte Eulalie": Phonology and Graphemics». Studies in Philology 57 (4): 587–596. ISSN 0039-3738. JSTOR 4173323. 
  5. The first half of the translation is taken from Ayres-Bennett (1996, p. 32). The second half is taken from Bauer & Slocum (Old French Online).

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]