Europameisterskapen på skeiser 1958

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Europameisterskapen på skeiser 1958 vart avvikla i Eskilstuna i Sverige helga 1. og 2. februar 1958. 36 utøvarar frå 11 land deltok i meisterskapen, av dei fem frå Noreg. Dei norske utøvarane var Knut Johannesen, Thorstein Sandholt, Torstein Seiersten, Knut Tangen og Roald Aas. Deltakarane elles kom frå Austerrike, Aust-Tyskland, Danmark, Finland, Frankrike, Italia, Nederland, Sovjetunionen, Storbritannia, Sverige.

Tittelforsvarar Oleg Gontsjarenko frå Sovjetunionen gjekk til topps i meisterskapen, framom den einarma landsmannen Vladimir Sjilikovskij, norske Knut Johannesen kom på tredjeplass. Gontsjarenko vann 1500 meter og Johannesen var bestemann på dei to lengste distansane. På 500-meteren fekk Sovjets Boris Sjilkov og svenske Gunnar Ström same tid og delte sigeren på distansen.

Skeise-EM 1958[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Oleg Gontsjarenko Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 197,585
Sølv Vladimir Sjilikovskij Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 197,685
Bronse Knut Johannesen Flag of Norway.svg Noreg 198,125
4 Robert Merkulov Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 198,787
5 Torstein Seiersten Flag of Norway.svg Noreg 199543
6 Toivo Salonen Flag of Finland.svg Finland 199,823
7 Boris Sjilkov Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 200,433
8 Roald Aas Flag of Norway.svg Noreg 200,770
9 Knut Tangen Flag of Norway.svg Noreg 201,452

Dato: 1./2. februar 1958

Kjelder[endre | endre wikiteksten]