Evangelistane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dei fire evangelistane måla av Claesz Soutman.

Dei fire evangelistane i kristendommen er Matteus, Markus, Lukas og Johannes, som etter tradisjonen skal ha skrive dei fire fyrste bøkene i Det nye testamentet. Matteus og Johannes blir begge rekna som til følgjesveinane til Jesus. Matteus var tollbetjent og Johannes var fiskar. Markus var medarbeidar av apostelen Peter, og Lukas var ein gresk lege og medarbeidar av Paulus.

Symbol[endre | endre wikiteksten]

Utdjupande artikkel for dette emnet er Evangelistsymbol.

Dei fire evangelistane har symbol knytte til seg som er inspirerte av vers i Det gamle testamentet, Esekiels bok og teke opp att i Johannes' openberring.[1]

  • Matteus – menneske med venger, engel. Symboliserer at Gud blir menneske
  • Markus – løve med venger. Løva er eit symbol for kongeleg makt.
  • Lukas – Okse. Eit symbol for offer og bønn.
  • Johanne – Ørn. Symboliserer inspirasjonen av den heilage anden.

Symbola blir nytta i kyrkjekunst saman med avbildingar av evangelistane eller som eigne symbol for evangelistane. Gjennomgåande blir Matteus, Markus og Lukas avbilda som gamle menn som sit innandørs og skriv, medan Johanne blir avbilda som ein ung mann som sit utandørs.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Evangelium, evangelisterna & symbolerna». Svenska Kyrkan Linköping. Arkivert frå originalen 29. juli 2014. Henta 29. juli 2014. 
  2. «Liten Kyrklig ordlista». Arkivert frå originalen 4. mars 2012. Henta 29. juli 2014.