Evangelistsymbol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Evangelistsymbol er særskilde symbol som frå gamalt av har vore nytta i den kristne biletkunsten for kvar av de fire evangelistane (apostlane) Matteus, Markus, Lukas og Johannes.

Dei fire evangelistsymbola på ein portal i kyrkja San Simpliciano i Milano, Italia

Symbolet for evangelisten Matteus er eit menneske, eller eit menneske med venger (eigentleg ikkje ein engel, slik det ofte vert sagt). For evangelisten Markus er symbolet ei løve, eller ei løve med venger, for evangelisten Lukas ein okse, eller ein okse med venger, for evangelisten Johannes ei ørn. Desse symbola finn ein både i mellomalderkyrkjer og moderne kyrkjer, anten som symbol knytt til ei biletframstilling eller ein skulptur av vedkomande evangelist, eller symbolet som einaste representant for evangelisten. Ei samling av dei fire symbola kan soleis stå for alle dei fire evangelistane og evangelia etter dei.

Kristus omgjeve av dei fire evangelistsymbola på portalen til mellomalderkatedralen Saint-Trophime d'Arles (i Arles) i Frankrike. Rekkja av menn er dei tolv apostlane.

Desse symbola har vore bruka sidan 400-talet, og kan knytast til dei fire skapningane det vert fortalt om i Openberringa kapittel 4: «Og i midten, rundt trona, var det fire skapningar. Dei hadde fullt av auge framme og bak. Den første skapningen var lik ei løve, den andre var lik ein okse, den tredje hadde andlet som eit menneske, og den fjerde var lik ei flygande ørn.» [1]

Matteus er identifisert som mennesket, sidan han opnar sitt evangelium med å fortelje om Jesu menneskelege slektsregister. Markus vert knytt til løva, sidan evengeliet hans opnar med ei forteljing frå ein ørken, og løva er eit ørkendyr. Lukas opnar sitt evangelium med forteljinga om Sakarja som ofrar i tempelet, og oksen var eit offerdyr. Johannes opnar sitt evangelium med å opphøgje Jesus og fortelje om hans evige guddom, slik vert han knytt til ørna.

Evangelistane var alt på 300-talet symbolisert ved dei fire elvane i Paradiset, og dei har vore framstilt som fire bokruller eller fire opne bøker.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]