Tajo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tajo
elv
Tajo sett frå Almourol-borga i Portugal
Land  Spania,  Portugal
Nedslagsfelt 80 100 km²
Lengd 1 038 km
Middelvassføring 500 /s
Kjelde Fuente de García i Albarracínfjella, Teruel i Spania
Munning Atlanterhavet ved Lisboa
Kart
Tajo
40°19′11″ N 1°41′51″ W
Tajo på Den iberiske halvøya
Tajo på Den iberiske halvøya
Tajo på Den iberiske halvøya
Wikimedia Commons: Tagus River

Tajo (spansk) eller Tejo (portugisisk, latinsk Tagus, gresk Tàghos) er den lengste elva på Den iberiske halvøya. Ho har ei lengd på 1038 km, der 716 er i Spania, 47 km dannar grensa mellom Spania og Portugal og dei gjenverande 275 km er i Portugal, der ho munnar ut i Atlanterhavet ved Lisboa. Ho drenerer eit område på 80 100 km² (det nest største nedslagsfeltet på Den iberiske halvøya etter Douro). Ho renn gjennom tronge dalar det meste av lengda si, men etter Almourol renn ho ut i ein langt breiare dal som er utsett for flaum. I dag regulerer Alcantarademningen store delar av elva.

Kjelda til Tajo ligg i Fuente de García i Albarracínfjella. Alle dei store sideelvane hennar kjem frå høgre (nord). Dei største byane langs Tajo er Aranjuez, Toledo og Talavera de la Reina i Spania, og Abrantes, Santarém, Almada og Lisboa i Portugal.

Elvefaret[endre | endre wikiteksten]

Den første viktigare landsbyen langs Tajo er Sacedón. Nedanfor Aranjuez mottar ho dei to elvane Henares og Tajuña. Nedanfor Toledo tar ho imot Gundarram. Før Talavera de la Reina renn Alberche ut i Tajo. Ved Valdeverdeja ligg starten av det lange øvre reservoaret, kalla Embalse de Valdecañas, og lenger nede det nedre reservoaret Embalse de Alcántara. Her munnar Tiétar ut i det øvre reservoaret og Alagón ut i det nedre.

Etter at Tajo renn i Portugal renn ho forbi Vila Velha de Ródão, Abrantes, Constância, Entroncamento, Santarém og Vila Franca de Xira ved starten på eit langt og smalt estuar. Her finn ein den største brua over elva, Vasco da Gama-brua (i Lisboa) med ei lengd på totalt 17,2 km. Dette er òg den lengste brua i Europa. Peppervraket er namnet på eit skipsvrak som låg ved og vart grave ut ved munningen av Tajo mellom 1996 og 2001.

Dei portugisiske regionane Alentejo og Ribatejo har fått namna sine frå elva. Alentejo kjem av Além-Tejo («bortanfor Tejo») og Ribatejo kjem frå Arriba-Tejo («ved breidda av Tejo»).

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 40°19′11″N 1°41′51″W