Ezhou

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Plasseringa av Ezhou (gul) i Hubei
Gatebilete i Ezhou

Ezhou (kinesisk: 鄂州; pinyin: Èzhōu) er eit byprefektur aust i provinsen Hubei i det sentrale Kina. Byprefekturet har eit areal på 1 504 km² og hadde 1,05 millionar ibuarar i 2010.

Byprefekturet Ezhou omfattar tre bydistrikt (区 ).

Næring[endre | endre wikiteksten]

Viktigaste næringsgreinene er metallurgi og produksjon av tekstilar, kjemikaliar, maskiner, samt byggevarer.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Kinas riksveg 106 går gjennom området. Han strekker seg frå Beijing og er innom mellom andre Hengshui, Kaifeng før han kjem til Ezhou, går så vidare til Shaoguan på sin veg sør til Guangzhou i Sør-Kina. Også Kinas riksveg 316 passerer gjennom området. Han fører frå Fuzhou i Fujian via Nanchang i provinsen Jiangxi og Wuhan i provinsen Hubei til Lanzhou i Gansu.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]