Fédération Aéronautique Internationale
Fédération Aéronautique Internationale | |||
Type | samskipnad | ||
---|---|---|---|
Skipa | 14. oktober 1905 | ||
Hovudkontor | Lausanne | ||
Verkeområde | jorda, verdsfemnande | ||
Nettstad | https://www.fai.org/ ![]() |

Fédération Aéronautique Internationale (Det internasjonale aeronautiske forbundet, avstytta FAI) er eit verdsfemnande forbund som organiserer nasjonale luftsportforbund. Forbundet var skipa i Paris i Frankrike 14. oktober 1905, men har frå 1999 hatt tilhald i Lausanne i Sveits. Det er ein ikkje-statleg internasjonal organisasjon utan kommersielle føremål.
Fédération Aéronautique Internationale fungerer som det internasjonale organet som definerer standardar innanfor luft- og romfart, held styr på luft-/romfartsrelaterte rekordar, og organiserer og koordinerer aktivitetar på dei felta som har med luftfart og romfart å gjere. Forbundet har mellom anna definert at verdsrommet byrjar ved 100 kilometers høgde. Over denne høgda er det ikkje lenger mogleg å ha aerodynamisk kontroll over eit luftfartøy. Luftmotstanden er dessutan så liten at ein kan gjennomføre minst ei mindre mengd krinsløp rundt jorda, utan motorframdrift. Denne definisjonen er tufta på Theodore von Kármán sin analyse av aerodyamiske forhold. Personar som har vore høgare oppe enn 100 kilometer, over den såkalla kármánlinja, kan kalle seg sjølve romfararar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. (2023) |