Hopp til innhald

Førdehuset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 15. oktober 2008 kl. 12:58 av 3s (diskusjon | bidrag)

Førdehuset er eit regionalt kulturhus i Førde kommune på 17 500 m². Kulturhuset vart bygd som ein del av satsinga på Førde som vekstsenter, og stod ferdig i 1976. I 1996 vart det utvida frå 12 000 m² til 17 500 m².

Bygget inneheld ei rekkje kulturtibod, som Førde bibliotek, Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, kunstnarsenteret i fylket, idrettshall, symjehall, kino, Sogn og Fjordane Teater, i tillegg til kontora til kulturetaten i Førde kommune, Reisemål Sunnfjord og Førde Internasjonale Folkemusikkfestival. Førde stadion er også tilknytt Førdehuset.

Litteratur