Kino

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Colosseum kinoMajorstua i Oslo har fire kinosalar. Den største har 978 sete.
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Kino (fleirtyding).

Ein kino er eit lokale for filmframsyningar. Vanlegvis har ein eit inngangsparti med ei billettluka, eit maskinrom med kinomaskinar og utstyr (prosjektørar, lydutstyr o.l.) og ein sal med lerret og sitjeplassar for publikum.

Ordet kino er ei forkorting for «kinematograf», ei norsk form av det franske ordet Cinématographe, som er samansett av gresk kineo (rørsle) og grafein (skriva).

Cinématographe var namnet på brørne Lumière sin filmframvisar frå 1894, som var den aller første kinoen. Dei hadde den første førestillinga i Paris 28. desember 1895.

I Noreg vart det vist film på Circus varieté 6. april 1896. Noreg hadde i 2004 245 kinoar. 161 av dei var kommunale.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

  • Heimekino er eit anlegg for å visa film på stor skjerm eller lerret i private heimar.
  • Drive in-kino er ein utandørs kino, der ein kan sitja i bilen sin og sjå film.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne filmartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.