Førdesveten-ulykka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk


Minnesmerket på Førdesvetan

Førdesveten-ulukka var ei flyulykke som hende ved fjellet Førdesveten i Sund kommune i Hordaland den 6. september 1948. Eit Catalina-fly frå 333. skvadron i Luftforsvaret var på transportoppdrag frå Sola flystasjon til Herdla, då det flaug i tett tåke inn i Førdesveten.[1] Flyet hadde ei besetning på 9,[2] med 6 militære passasjerar med tenesteoppdrag å registrera materiell, tekniske anlegg og operative tilhøve med tanke på ein mogleg nedleggelse av kystfortet nord på Askøy. Berre to personar overlevde ulukka, som var den største ulukka Luftforsvaret til då hadde hatt i fredstid.

Flyginga[endre | endre wikiteksten]

Catalina-flyet, med kjenneteikn KA-K, skulle gjennomføra såkalla kontaktflyging, altså flyging under skylaget. Dette var svært lågt denne morgonen, og over Korsfjorden måtte dei gå heilt ned til ca. 100 meters høgd. Over Tofterøy dreidde flyet austover over Steinsland og Førdesveten stakk då opp gjennom skylaget. Piloten freista då å trekkja flyet opp for å passera over fjellmassivet, men undervurderte høgda og havarerte ca. 10 meter under toppen på 284 moh.[3] Ifølgje Willy Nilsen som overlevde var det ikkje noko som tydde på at nokon av passasjerane hadde overlevd flystyrten.[4] Flyulukka kosta 13 menneskeliv. Det var i starten ein del forvirring om kvar flyet hadde styrta, og i den første offisielle meldinga frå Luftforsvarets overkommando vart det opplyst at flyet hadde styrta i Kleppaksla.[5]

Redningsarbeidet[endre | endre wikiteksten]

PBY Catalina

Fordi flyet kom over Steinsland i svært låg høgd var merksemda til lokalfolkesetnaden vakt allereie før styrten. Flyet gjekk akkurat klår av Strandafjellet, og forsvann deretter inn i tåka før ein høyrde krasjet. Mange la då på sprang mot Førdesveten for å starta redningsarbeidet, og lensmann og helsepersonell vart òg sende oppover fjellsida. Frå Hjellestad flyhavn vart det sendt ut ein hurtiggående båt med redningsmannskaper sidan den tette tåka gjorde det vanskeleg å setja i verk redningsarbeid frå lufta.[5] Flyet vart først liggjande på fjellhylla der det styrta, men tok fyr og sklei etter kvart ned og hamna i steinrøysa under Veteklova. Ein del av høgre veng vart liggjande att på fjellhylla, det same gjaldt ein av dei omkomne. Sidan flyvraket brann og inneheldt ein del ammunisjon måtte redningsarbeiarane søkja dekning for prosjektil som stadig kom susande.[6]

Dei omkomne vart frakta ned til Kleppe same dag, med unntak av fem som sat inne i flyvraket og ikkje kunne frigjerast før flyhavarikommisjonen hadde undersøkt vraka dagen etter.[3]

Gransking[endre | endre wikiteksten]

Etter ulukka vart det sett ned ein havarikommisjon som vart leidd av major Per Thorendahl som var stabssjef i Luftkommando Trøndelag.[5] Kommisjonen kom fram til at ulukka skulda at føraren tok feil av sunda i tåka. Flyveren trudde han hadde peiling på Lerøyosen, medan han i røyndomen var over Steinslandsundet.[7]

Minnesmerke[endre | endre wikiteksten]

På 50-årsdagen for ulukka vart det reist eit minnesmerke på Førdesveten (284 moh) og ved Sund kyrkje i Klokkarvik. Minnesmerket på Førdesveten består av restane av den eine motoren frå K-AK.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 13 mann omkom da Catalina-flyet i tett tåke støtte mot Førdesviten, Aftenposten, tirsdag morgen, 7. september 1948, side 1
  2. VG, 7. september 1948, første og siste side
  3. 3,0 3,1 Saksvik, Torstein: Siste tur for Catalina K-AK, 1998
  4. Fly-ulykken kostet 13 menneskeliv Arbeiderbladet, 7. september 1948
  5. 5,0 5,1 5,2 Flyulykke kostet 13 mennesker livet 1ste Mai, 9. september 1948
  6. Flyulykka på Veten 1948 Klokkarvik - Ei levande bygd
  7. Catalina-føreren tok feil av sundene, Aftenposten lørdag morgen, 11. september 1948, side 6