Askøy kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Askøy kommune
Kommune
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hordaland
Adm.senter Kleppestø
Areal 101 km²
 - land 94 km²
 - vatn km²
Folketal 28 380 (1. januar 2016)
Folketettleik 302 / km²
Målform Nøytral
Ordførar Terje Mathiassen (Ap)
Kommunenummer 1247
NO 1247 Askøy.svg
Wikimedia Commons: Askøy

Askøy er ein kommune og ei øy i Hordaland fylke. I tillegg til sjølve øya Askøy, ligg øyane Herdla, Ramsøy og Horsøy i kommunen, og dessutan ymse mindre øyar. Ved grensereguleringer i 1964 fekk Askøy kommune overført delar av gamle Herdla herad, og dei delane av Meland kommune som låg på øya Askøy. Frå 1837 til 1918 var Laksevåg ein del av Askøy kommune.

Ved grensereguleringer i 1964 fekk Askøy kommune overført delar av gamle Herdla herad, i tillegg til dei delane av Meland kommune som låg på Askøy. Frå 1837 til 1918 var Laksevåg ein del av Askøy kommune. Lokalavisa Askøyværingen har hovudkontoret sitt i Kleppestø.

Kommunesentrum er Kleppestø. I 1992 opna Askøybrua, som no er hovudsambandet til Bergen. Frå Kleppestø går det snøggbåt som tek 10 minutt inn til Bergen sentrum. Lokalavisa Askøyværingen har hovudkontoret sitt i Kleppestø.

Namnet «Askøy» kjem av garden Ask, på austsida av øya. I sin tur har garden namn frå treslaget ask. Eit gamalt namn på Askøy er «Fenring», eit namn som går igjen i sagalitteraturen.


Kommunevåpenet[endre | endre wikiteksten]

Kommunevåpenet syner på ein bakgrunn av sylv eit grønt asketre. 28. september 1961 vart det godkjend av Askøy kommunestyre. Våpenet er teikna av Magnus Hardeland. Motivet er eit asketre som står på ei øy eller kolle med sjø foran.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Per Ove Askeland og Anders Bjarne Fossen: Fotturer på Askøy : «har du gått på mjuke stiar- », to bind 2001 - 2003.
  • Fossen, Anders Bjarne: Askøys historie. 3 band 1996-1999.