Førrevassdammen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Førrevassdammen

Førrevassdammen er ein betongdam med flaumoverløp, og er ein av 14 dammar som demmer opp den regulerte innsjøen Blåsjø. Han strekkjer seg over Førrejuvet, der Førreåna tidlegare rann. Med eit volum på om lag 255.000 m³ er han den største betongdammen i Noreg.[1] Lengda er om lag 1300 meter.

Det blei ikkje brukt armeringsstål i konstruksjonen, og sidan det ikkje var sand tilgjengeleg i nærleiken, måtte ein knusa stein til bruk i betongen.

Førrevassdammen fekk Betongtavlen i 1989.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Blåsjø Noregs kraftstabbur». Henta 7. mars 2009. 
  2. Betongtavlen 1961-2008 Arkivert 2014-03-17 ved Wayback Machine. frå Betong.net

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]