FA-cupfinalen i fotball 1958

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

FA-cupturneringa i fotball 1958 vart avslutta med finale på Wembley stadion i London 3. mai 1958. Framfor 99 756 tilskodarar tok Bolton Wanderers sin fjerde og siste FA-pokal etter siger 2-0 over Manchester United. Det var 29 år sidan den førre Bolton-triumfen i FA-cupen.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Nat Lofthouse, senterløparen og kapteinen til Bolton, skåra begge finalemåla. Det fyrste kom allereie i det 3. minutt, det andre i det 55. minutt. Siste målet var omdiskutert, då Lofthouse skubba Manchester United-målvakta over målstreken.

Bolton sitt vinnarlag: Eddie Hopkinson, Roy Hartle, Tommy Banks, Derek Hennin, John Higgins, Bryan Edwards, Brian Birch, Dennis Stevens, Nat Lofthouse (kaptein), Ray Parry og Doug Holden.

Manchester United mønstra einast to spelarar som deltok i FA-finalen 1957. Laget bestod av: Harry Gregg, Bill Foulkes (kaptein), Ian Greaves, Freddie Goodwin, Ron Cope, Stan Crowther, Alex Dawson, Ernie Taylor, Bobby Charlton, Dennis Viollett, Colin Webster.

Dommaren heitte Jack Sherlock.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]