FA-cupfinalen i fotball 1980

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

FA-cupturneringa i fotball 1980 vart avslutta med finale på Wembley stadion i London 10. mai 1980, med om lag 100 000 tilskodarar til stades. Andredivisjonslaget West Ham United frå London vann FA-pokalen etter siger 1-0 over byrival Arsenal FC. Pr 2020 er det siste gongen eit lag utanfor toppserien har triumfert i FA-cupen.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Etter halvklaringar og retur frå Arsenal-forsvaret skaut Stuart Pearson frå skrått hald ein låg ball som Trevor Brooking heada i mål frå tre meter. Arsenal makta ikkje å svare i ein sjansefattig kamp.

West Ham sitt vinnarlag bestod av: Phil Parkes, Ray Stewart, Billy Bonds (kaptein), Alvin Martin, Frank Lampard, Paul Allen, Trevor Brooking, Geoff Pike, Alan Devonshire, Stuart Pearson, David Cross.

Arsenal mønstra: Pat Jennings, Pat Rice (kaptein), John Devine, Brian Talbot, David O'Leary, Willie Young, Liam Brady, Alan Sunderland, Frank Stapleton, David Price og Graham Rix. Sammy Nelson erstatta John Devine i det 81. minutt.

George Courtney var dommar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]