Trevor Brooking

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trevor Brooking


Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 2. oktober 1948 (75 år)
Barking
Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1982, EM i fotball 1980

Utmerkingar

kommandør i den britiske imperieorden, Knight Bachelor, medlem av Den britiske imperieordenen

Trevor David Brooking (fødd 2. oktober 1948) er ein engelsk tidlegare fotballspelar og idrettsleiar frå Barking. Han var ein offensiv midtbanespelar, aktiv for West Ham United i 17 samfulle sesongar. I tida 1974-82 deltok han i 47 av Englands landskampar.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Brooking spelte for West Ham frå august 1967 til mai 1984. Laget utmerkte seg aldri i ligaen, men tok seg til finalen i FA-cupen 1975 som 2. divisjonslag. På Wembley stadion vart det siger 2–0 over divisjonskollega Fulham FC. Året etter møtte West Ham det belgiske laget RSC Anderlecht i finalen i cupvinnarcupen, ein kamp som enda med tap 2–4 for Brooking & co. Våren 1980 skåra han det einaste målet då West Ham slo Arsenal FC 1–0 i FA-cupfinalen. Den 1. april 1981 måtte han og lagkameratane tole tap i omkampen mot Liverpool FC i den engelske ligacupfinalen.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Brooking landslagsdebuterte 3. april 1974 i eit mållaust oppgjer mot Portugal. Han spelte to av kampane då England rauk ut or Fotball-EM 1980 i gruppespelet, skåra det fyrste målet då Spania vart slått med 2 mot 1. Under VM i fotball 1982 var han innbytar i kampen mot Spania, ein kamp som vart hans 47. og siste i landslagsdrakt. Brooking skåra til saman 5 landslagsmål.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Vinnar av cupvinnarcupen: 1981 med West Ham United
  • Vinnar av FA-cupen: 1975 og 1980 med West Ham United
  • Finaletap i Cupvinnarcupen: 1976 med West Ham United
  • Finaletap i ligacupen: 1981 med West Ham United

Kjelder[endre | endre wikiteksten]