Stuart Pearson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stuart Pearson
Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 21. juni 1949 (74 år)
Kingston upon Hull
Idrett fotball

Stuart James Pearson (fødd 21. juni 1949) er ein engelsk tidlegare fotballspelar. Han var ein senterløpar av den britiske typen, kjend for sine år i Manchester United og sidan West Ham United.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Pearson skreiv kontrakt med 2. divisjonslaget Hull City i 1968, slo gjennom i 1971. Sommaren 1974 vart han, mot 200 000 pund, overført til Manchester United. Han spelte to FA-cupfinalar for laget frå Manchester, i 1976 vart det eit overraskande tap mot Southampton FC. Våren 1977 sigra derimot Pearson og lagkameratane i FA-finalen med 2–1 over eit sterkt Liverpool FC, ein kamp der Pearson skåra det fyrste målet. Etter å ha vore kneskada i lang tid, gjekk turen vidare til West Ham før sesongstart i august 1979. Under FA-cupfinalen 1980 la Pearson inn ein krossball som Trevor Brooking nikka inn i Arsenal-målet. Dermed kunne Pearson, så vel som Brooking, heve FA-cuptrofeet for andre gong i deira fotballiv. Kneskaden førte til at Pearson la opp i 1982.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Pearson deltok i 15 landskampar i tida frå 8. mai 1976 til 16. mai 1978. Han skåra 5 mål for England.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Vinnar av FA-cupen: 1977 for Manchester United og 1980 for West Ham

Kjelder[endre | endre wikiteksten]