FA-cupfinalen i fotball 1985

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lagoppstillingane, med Manchester United i raudt

FA-cupturneringa i fotball 1985 vart avslutta med finale på Wembley stadion i London 18. mai 1985, med om lag 100 000 tilskodarar til stades. Manchester United sikra seg pokalen etter å ha vunne med 1-0 mot Everton FC, i ein kamp som varte i 120 minuttar.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Finaleoppgjeret vart historisk då Manchester United-stopparen Kevin Moran var utvist i det 78. minutt, etter ei hard takling av Evertons Peter Reid. Moran vart då den aller fyrste spelaren utvist frå ein FA-cupfinale. I ein heller sjansefattig kamp makta ingen av laga å skåre før ordinær tid var ute. Fyrst fem minuttar ut i andre ekstraomgang kom kampens einaste mål. United-spelaren Norman Whiteside avgjorde oppgjeret ved å skru ballen forbi Everton-målvakta og i motsett hjørne.

Manchester United sitt vinnarlag bestod av: Gary Bailey, John Gidman, Paul McGrath, Kevin Moran, Arthur Albiston, Gordon Strachan, Bryan Robson (kaptein), Norman Whiteside, Mark Hughes, Frank Stapleton, Jesper Olsen. Mike Duxbury spelte ekstraomgangane i staden for Albiston.

Everton mønstra Neville Southall, Gary M. Stevens, Kevin Ratcliffe (kaptein), Derek Mountfield, Pat Van Den Hauwe, Trevor Steven, Peter Reid, Paul Bracewell, Kevin Sheedy, Graeme Sharp og Andy Gray.

Dommaren heitte Peter Willis.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]