Gary M. Stevens

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gary M. Stevens

EK voetbal in West Duitsland Engeland tegen Nederland 1-3, Bestanddeelnr 934-2662.jpg

Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 27. mars 1963
Barrow-in-Furness
Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1990, VM i fotball 1986, EM i fotball 1988

Gary Michael Stevens (fødd 27. mars 1963) er ein britisk-engelsk tidlegare fotballspelar frå Barrow-in-Furness som 1982-88 var høgreback på det suksessrike Everton-laget og sidan hadde lokal suksess med Rangers FC.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Stevens debuterte for Everton FC vinteren 1982. I mai 1984 vann han sitt fyrste trofe med klubben då det vart siger 2-0 over Watford FC i FA-cupfinalen. Sesongen etter var Everton heile suverene i kampen om ligameisterskapen, slo toaren Liverpool FC med heile 13 poeng. Everton tok seg også til finalen i cupvinnarcupen, der laget den 15. mai i Rotterdam vann med 3-1 over Rapid Wien. Sesongen 1986/87 tok Everton FC ein ny ligatittel framom byrival Liverpool FC, då med 9 poengs skilnad. Sommaren 1988 vart Stevens overført til skotske Rangers FC mot 1,25 millionar pund. Med laget frå Glasgow vann han seks rake ligameisterskap 1989-94 og den skotske cupfinalen 1992 med 2-1 mot Airdrieonians. I september 1994 gjekk turen til Tranmere Rovers, mot 350 000 pund. Han spelte jamt på det engelske nivå 2-laget til han la opp i 1998.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Stevens debuterte for England sitt landslag i juni 1985 og spelte sin 46. og siste landskamp temmeleg nøyaktig sju år seinare, utan nokon gong å kome på skåringslista. Han deltok i alle Englands fem kampar i Fotball-VM 1986 og alle tre i EM i fotball 1988. Under verdsmeisterskapen i 1990 spelte han opningskampen til England, men kom ikkje på bana att før i bronsefinalen mot arrangørlandet Italia, der det vart engelsk tap 1-2.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Vinnar av cupvinnarcupen: 1985 med Everton FC
  • Engelsk ligameister: 1985 og 1987 med Everton FC
  • Engelsk cupmeister: 1984 med Everton FC
  • Skotsk ligameister: 1989, 1990, 1991, 1992, 1993, 1994 med Rangers FC
  • Skotsk cupmeister: 1992 med Rangers FC

Stevens utvandra i 2011 til Perth i Australia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]