FA-cupfinalen i fotball 2016

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lagoppstillingane med Manchester United i kvite skjorter

FA-cupfinalen i fotball 2016 fann stad på Wembley stadion i London 21. mai 2016, med 88 619 tilskodarar på tribunane. Etter 120 minuttars spel kunne kapteinen på Manchester United heve pokalen, då laget frå Manchester hadde sigra med 2-1 mot London-laget Crystal Palace FC.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Crystal Palace tok leiinga då innbytaren Jason Puncheon frå skrått hald dunka ballen forbi United-målvakta i det 78. minutt. Tre minuttar seinare utlikna Juan Mata med ein markkrypar frå 8-9 meter, som gjekk via ein Palace-forsvarar. Oppgjeret vart avgjort til Manchester United sin fordel etter 110 minuttars spel. Jesse Lingard ekspederte då ei Palace-klarering i nettet med ein susar av eit volleyskot.

Chris Smalling frå Manchester United vart utvist heilt på tampen av fyrste ekstraomgang, etter to gule kort.

Manchester United stilte med: David de Gea, Antonio Valencia, Chris Smalling, Daley Blind, Marcos Rojo, Michael Carrick, Wayne Rooney (kaptein), Juan Mata, Marouane Fellaini, Anthony Martial og Marcus Rashford. Om lag midtvegs i den 2. omgangen vart fyrst Rojo og så Rashford erstatta av høvesvis Matteo Darmian og Ashley Young, medan Jesse Lingard spelte ekstraomgangane i staden for Mata.

Dommaren heitte Mark Clattenburg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]