Wayne Rooney
![]() | |||
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Wayne Mark Rooney | ||
Fødd | 24. oktober 1985 (37 år) | ||
Fødestad | Liverpool | ||
Høgd | 178 cm | ||
Posisjon | Angrepsspelar | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Manchester United | ||
Nummer | 10 | ||
Ungdomsklubbar | |||
1996-2002 |
![]() | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
2002-04 2004- |
![]() ![]() |
67 (15) 307 (158) | |
Landslag | |||
2003- |
![]() | 91 (39) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 11. mai 2014 ‡ Landslagsmål oppdatert 4. juni 2014 |
Wayne Mark Rooney (fødd 24. oktober 1985 i Liverpool) er ein engelsk fotballspelar som har spela som spiss for Manchester United i engelsk Premier League, og for det engelske landslaget. Han har vorte seriemeister i England med Manchester United fem gonger (2007, 2008, 2009, 2011 og 2013), vunne den europeiske Meisterligaen i 2008 og VM for klubblag same året. Han vart kåra til årets spelar i England i 2010 og årets unge spelar i 2005 og 2006. Han vart tidenes yngste landslagsspelar for England då han debuterte for A-landslaget 12. februar 2003, som 17-åring. Denne rekorden stod til han vart slått av Theo Walcott i juni 2006. Han var Manchester United sin toppskårar i Premier League i 2004/05-, 2009/10-, 2011/12- og 2013/14-sesongen.